Historisk arkiv

Landbruk: Landskap i drift

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Landbruk: Fylkesmannen i Hordaland vil bruka eit aktivt dreve, mangesidig landbruk til å holde landskapet ope på ein naturleg måte i samsvar med kulturlandskapet si eiga historie.

Landbruk: Fylkesmannen i Hordaland vil bruka eit aktivt dreve, mangesidig landbruk til å holde landskapet ope på ein naturleg måte i samsvar med kulturlandskapet si eiga historie.

I prosjektet "Landskap i drift" skal det sjåast nærare på utfordringane knytt til å vedlikehalde kulturlandskapet i alle deler av Hordaland. Prosjektet har si grunngjeving både i regionalt Næringsforum sitt programdokument for 2007, i sentrale landbruksstyringsmakter sitt styringsdokument og i resultat frå tidligare beiteprosjekt i regi av fylkesmannen si landbruksavdeling i Hordaland. Prosjektet er eit RUP-prosjekt (Regionalt utviklingsprogram).

Ikkje minst skal prosjektet finne gjenklang hos forbrukarar og landbruksnæringa, sidan landbruket med sin næringsaktivitet skal sørgje for produksjon av kjøt og landskap, mens forbrukaren skal gje lønnsemd i næringa.

Landbruk: Kulturlandskap i Hordaland. Foto: LMD
Landbruk: Kulturlandskap i Hordaland. Foto: LMD

Ope landskap
Hovudmålet; å ha eit ope landskap gjennom aktiv drift skal vi nå gjennom ulike former for satsing mot enkeltbruk og samarbeid mellom grunneigarar, og ved å utvikle modeller for drift og skjøtsel, økonomiske støttetiltak og kompetanseheving.

Gjengroing er et ”voksande” problem som må takast frå fleire sider. Med fire delmål vil prosjektet mellom anna utvide beiteområde ved å redusere nokre av dei ulempene som eigedomsstrukturen i Hordaland fører med seg i dag. Fleire synergieffektar for bønder og dyrehald kan forventast frå tidligare prosjekter!

Det er viktig å stimulere til drift på eksisterande bruk og ny drift i nye eller sovande bruk, både innan sau,- storfe og geitehald. Fleire beitedyr er viktig; både for å tilfredsstille behovet for meir kjøt og for skjøtsel av landskapet.

Landbruk: Fylkesmannen i Hordaland vil bruka eit aktivt dreve, mangesidig landbruk til å holde landskapet ope på ein naturleg måte i samsvar med kulturlandskapet si eiga historie.