Kulturlandskap: Landbruksbygg i kulturlandskapet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 29.04.2008
Kulturlandskap: Landbruksbygg er ein viktig del av kulturlandskapet. Eit nytt utviklingsprogram skal sikre at det blir tatt landskaps- og miljøomsyn ved oppføring av store landbruksbygg og stimulere til ny bruk av ledige bygningar.
Kulturlandskap: Landbruksbygg er ein viktig del av kulturlandskapet. Eit nytt utviklingsprogram skal sikre at det blir tatt landskaps- og miljøomsyn ved oppføring av store landbruksbygg og stimulere til ny bruk av ledige bygningar.
Formar inntrykket
- Landbruksbygga er ein viktig del av kulturlandskapsbiletet. Dei er med og formar det inntrykket vi får av dalen, kysten og fjellet, kort sagt landet vårt. Vi veit alle kor mykje malplasserte, stygge eller dårleg vedlikehaldne bygg kan skjemme. Derfor er det viktig at vi går gjennom dette, sier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
10 millioner
Utviklingsprogrammet skal framskaffe ny kunnskap, finne flaskehalsar og manglar i regelverk og formidle røynsler frå utviklingsprosjekt og gode byggetiltak. Arbeidet blir finansiert med 2 mill. kroner per år i 5 år framover. Midla er avsett over jordbruksavtalen. Landbruks- og matdepartementet (LMD) leier styringsgruppa og Statens landbruksforvaltning har sekretariatsfunksjon.
Programmet skal dekke tre tema:
- Nye landbruksbygg og kulturlandskap
- Ny bruk av ledige landbruksbygg
- Kartlegging av kulturhistorisk viktige landbruksbygg
Bakgrunnen for programmet er tilråding frå ei arbeidsgruppe frå 2006, som ga ut rapporten "Store nye landbruksbygg".
Statens landbruksforvaltning (SLF) skal ivareta direktoratsoppgåver for Landbruks- og matdepartementet (LMD). SLF er fagmyndigheit som sikrar ei einskapleg forvaltning av verkemidlar i hele landet og gjennom hele verdikjeda.
Kulturlandskap: Eit nytt utviklingsprogram skal sikre at det blir tatt landskaps- og miljøomsyn ved oppføring av store landbruksbygg og stimulere til ny bruk av ledige bygningar.