Kulturlandskap: Departementsråd Per Harald Grue i Landbruks- og matdepartementet reopna saman med styreleiar i Norsk Kulturarv Inger-Lise Skarstein nettstaden kulturlandskap.net i dag på biomangfalddagen.

Nettstaden er utvikla på midlar frå Landbruks- og matdepartementet i samarbeid med Kulturlandskapssenteret i Telemark. 

Enklare for brukarane
Intensjonen med nettsida er å samle og formidle fagstoff og informasjon knytt til kulturlandskap. Hovudmålet er å gjera det lettare å finne fram til rett forvaltingsinstans, relevante tilskotsordningar, forskar– og utdanningsinstitusjonar, nyttig litteratur og kartdata, samt aktuelle prosjekt og aktivitetar på kulturlandskapsfeltet. Portalen er på denne måten meint å fungere som ein nettverksskapar mellom fagmiljø, forvalting, landbruksnæring og "folk flest". Barn og ungdom har også fått sin eigen menyknapp på sida.

Helsing frå landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen ved opning av nettstaden: 
- Svært mange er opptekne av kulturlandskapet og korleis landet vårt ser ut. Derfor er det også stor tilslutnad til ein politikk som gir grunnlag for at vi kan ha eit levande landbruk i heile landet. Nettstaden www.kulturlandskap.net skal medverke til kontakten mellom folk flest og fagmiljøa innan kulturlandskap.

Lytt Departementsråd Per Harald Grue om www.kulturlandskap.net
(mp3, 556 kB) Kan lastast ned og brukast fritt.
 

Til skilnad frå mange land elles i Europa har Noreg framleis mykje att av ”det gamle jordbrukslandskapet”, skapt gjennom tradisjonelle driftsformer. Derfor høve det bra at den nye nettstaden blir teken i bruk på den internasjonale biomangfoldsdagen, 22. mai.


Departementsråd Per Harald Grue i Landbruks- og matdepartementet åpnet i dag nettstedet www.kulturlandskap.net. Bak fra v.: Grete Horntvedt, direktør i Norsk Kulturarv og Inger-Lise Skarstein, styreleder i Norsk Kulturarv.

Foto: Astraea Antal, LMD. Bilete kan fritt nyttas, krediter fotograf. Klikk på biletet for å laste ned stor format. 

Kulturlandskap: Departementsråd Per Harald Grue reopna www.kulturlandskap.net på biomangfalddagen i dag.