Mat: Det mangfaldige og solide matmiljøet i Rogaland har samla seg om å profilere Stavanger som det kulinariske knutepunktet i Norden. Tre uavhengige arrangement er samla under paraplyen Kulinariske Stavanger 08 i juli.

Dei tre arrangementa i Stavanger er Bocuse d`Or, Food for the Future og Buffet. Arrangementa går av stabelen 30. juni - 2. juli 2008 i Stavanger Forum. Samtidig blir det arrangert Noregsmeisterskap i kokkekunst, nordisk meisterskap for vinkelnarar og norsk meisterskap i østersopning.

Laks og lam på menyen
Måla er mellom anna å posisjonere og grunnfeste Stavanger som det kulinariske knutepunktet i Norden. Vidare auke kjennskap til og kunnskap om fysisk kvalitetsoppfatning av sjømat- og landbruksprodukt frå Rogaland. Samstundes er målet å bidra til at Stavangerregionen blir oppfatta som ein spennande turistdestinasjon på grunn av sin matprofil. Lam og laks er plukka ut som hovudråvarer til kokkemeisterskapen.

Mat: Det mangfaldige og solide matmiljøet i Rogaland har samla seg om å profilere Stavanger som det kulinariske knutepunktet i Norden.

         Mat: Eit mål for satsinga Kulinariske Stavanger 08 er auka kjennskap til og kunnskap om sjømat- og landbruksprodukt frå Rogaland. Foto: Tom Haga
Mat
: Eit mål for satsinga Kulinariske Stavanger 08 er auka kjennskap til og kunnskap om sjømat- og landbruksprodukt frå Rogaland.
Foto: Tom Haga
Oppskriften på Speket laks