Næringsutvikling: Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Formålet med prisen er blant anna å synliggjere gode resultat frå landbruksrelatert næringsutvikling. Kandidatar for 2008 må vera påmeldt innan 1. juni.

Fylkesvis og nasjonal prisPrisen er ein næringsutviklingspris for bedrifter eller personar som har etablert ei vellukka bedrift med basis i bygdenes og landbrukets ressursar.  I kvart fylke vert det kåra ein fylkesvinnar, og desse konkurrerer så om den nasjonale prisen. Prisen er 50 000 kroner og diplom for den fylkevise prisen, og 200 000 kroner og diplom for den nasjonale prisen.

Nærings- og handelsdepartementet er hovudeigar av Innovasjon Norge. Selskapet forvaltar og midlar for Kommunal- og regionaldepartementet, Fiskeri- og kystdepartementet og Landbruks- og matdepartementet.
 
Næringsutvikling: Innovasjon Norge deler kvart år ut Bygdeutviklingsprisen. Kandidatar for 2008 må vera påmeldt innan 1. juni.