Økologisk: Det nye fjøset på økogarden Tingvoll vil bli eit signalbygg for nye og alternative løysningar. Det sirkelrunde fjøset er òg del av ein større plan for eit økologisk kunnskaps- og opplevingssenter.

   Økologisk: Rundt fjøs. Skisse: Tore Vik

Økologisk: Rundt fjøs.
Skisse: Tore Vik, Møre  og  Romsdal  fylke.


Då den gamle driftsbygningen på Tingvoll gard ikkje lenger møter krava til økologisk husdyrhald og ei moderne gardsdrift, stod NORSØK overfor valet mellom omfattande renovering eller nybygg. - Valet fall på nybygg, seier styreleiar Kristin Sørheim, som fekk resten av eit entusiastisk styre med på det sirkelrunde alternativet. - Me vurderte fleire løysingar, seier Sørheim, men i sum ser me at omsynet til dyrevelferd, praktisk drift og tilrettelegging for besøkande blir tatt best i vare med denne fjøsløysinga.

NORSØK
Stiftinga Norsk senter for økologisk landbruk (NORSØK) har heile tida vore ein viktig pådrivar for utviklinga av den økologiske ideen i Tingvoll. Det resulterte mellom anna i forskingsinstituttet Bioforsk Økologisk i 2007 blei etablert på Tingvoll gard, den gamle prestegarden i Tingvoll, som stiftinga eig.
 
Bioforsk er organisert under Landbruks- og matdepartementet (LMD) som eit forvaltningsinstitutt med særskilde fullmakter. 

Økologisk: Det nye fjøset på økogarden Tingvoll vil bli eit signalbygg for nye og alternative løysningar.