Mattrygghet: Med tilstrekkeleg informasjon kan ein spore middagsmaten frå tallerkenen og heilt tilbake til produksjonsstaden. To norske bedrifter har vore i Brussel etter invitasjon frå Europakommisjonen for å diskutere moglegheitene som finst for komplett sporbarheit av genetisk materiale. 

Etter invitasjon frå Generaldirektoratet for helse- og forbrukersaker (DG SANCO) vitja dei to norske bedriftene BioBank og Dyreidentitet Brussel 3. mars 2009, for å utveksle tankar og kunnskap om korleis ein best kan spore genetisk materiale.

Ein biobank er ei samling av biologisk materiale med tilhøyrande databasar sett i system slik at informasjonen kan brukast anten i forskning eller i rutineundersøkingar. Materialet som blir samla inn er eksempelvis blodprøver, DNA eller vevsprøver. Om ein kombinerer det innsamla genetiske materialet med eit system for elektronisk identifisering av dyr, nærmar ein seg eit system der ein kan finne ut kor servelaten i nistepakken kjem frå.

Mattrygghet: Med tilstrekkeleg informasjon kan ein spore middagsmaten frå tallerkenen og heilt tilbake til produksjonsstaden.