Framgang for mjølkebonden på Vestlandet
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 11.02.2011
Inntekta for mjølkebøndene på Vestlandet auka med 6 prosent i 2009. Det var også auke for andre driftsformer, medan inntekta til sauebonden fall etter kraftig vekst året før.
|
Jordbruksinntekta, målt i vederlag til arbeid og eigenkapital per årsverk, var på kr 197 000 i middel per bruk for Vestlandet i 2009. Det var ein auke i produksjonsinntektene for dei fleste driftsformene, men stor kostnadsauke på kraftfôr og gjødsel reduserte resultatet, særleg for kraftfôrbaserte produksjonar. Mjølkeproduksjon er viktig for jordbruket på Vestlandet. Prisauke på mjølk og storfekjøt saman med volumauke førte til oppgang i produksjonsinntektene. Trass i høgare kostnader og noko større arbeidsforbruk, auka jordbruksinntekta for mjølkeprodusentane med 6 prosent per årsverk. |
|
Nedgang for sauebruka
Det er mange sauebruk på Vestlandet, og mange av desse er små. Jordbruksinntekta for sauebruka på Vestlandet har auka kvart år frå 2001 fram til 2008 då auken var særs stor. Resultatet for 2009 vart ein stor nedgang på 21 prosent til kr 117 000 per årsverk. Omfanget per bruk auka, men nedgang i kjøtpris og auka kostnader og timebruk svekka det økonomiske resultatet.
Nettoinntekta
Nettoinntekta per bruk på Vestlandet auka med 4 prosent til kr 626 700. Nettoinntekt er sum av alle inntekter til familien både på og utanfor bruket med frådrag av gjeldsrenter og kår. Bidraget frå jordbruk og lønsinntekt utgjer omtrent like store delar av samla inntekt, høvesvis 41 og 42 prosent. Bidraget frå tilleggsnæring og skog auka med 3,5 prosentpoeng til 8 prosent. Elles er det små endringar i høve til 2008.
Forsidebilde: Ku på beite. Foto: Sindre Ellingsen, Samfoto