Talet ammeku i Aust-Agder har gått opp. Dette har samanheng med marknadsoppgangen for storfekjøt. Og ein del mjølkeprodusentar som har slutta har nok gått over til ammeku. Ammeku er einaste produksjonen der talet produsentar har auka. Innan dei andre husdyrproduksjonane er talet produsentar om lag halvert dei siste ti åra.

Sigbjørn Haslemo (t.h.) leier TINE sitt nye prosjekt «Mjølk i Aust-Agder». Her er han i Arendal hos mjølkeprodusent Håvard Dale.

Sigbjørn Haslemo (t.h.) leier TINE sitt nye prosjekt «Mjølk i Aust-Agder». Her er han i Arendal hos mjølkeprodusent Håvard Dale. (Foto: Olav Håland, TINE)