Historisk arkiv

Noreg best i verda ved grillen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Norge sitt landslag gjekk til topps og tok gullmedaljane i verdsmeisterskapen i grilling. Det skjedde i heimbyen til Elvis Presley, Mempis i USA.

Norge sitt landslag gjekk til topps og tok gullmedaljane i verdsmeisterskapen i grilling. Det skjedde i heimbyen til Elvis Presley, Mempis i USA.

- Dette er nok eit døme på at vi nordmenn er blant dei beste i verda på matlaging. Eg gratulerer vinnarane, seier landbruks- og matminister Lars Peder Brekk.

Dei norske grillmeistrane konkurrerte med eit stort tal andre deltakarar. Konkurransekategoriane var også mange. Under leiing av grillkongen selv, Craig Whitson, tok Norge den 14. mai gull i den viktige grenen Peoples Choice i eit av sidearrangementa under The World Championship in Barbecue i Memphis. Juryen i akkurat denne konkurransen, er dei mange frammøtte tilskuarane.

At nettopp Norge utfordrar heile verda og til og med ”The homeland of the barbeque”, USA, er ikkje tilfeldig. Det blir ikkje grilla meir i noko europeisk land enn Norge. Grillandslaget har sitt utspring blant anna frå Kjøtbransjen sitt Elitelag og deltek i verdsmeisterskapen for femte året. Ingen land utanfor USA kan vise ei så stor premiesamling frå VM i Grilling som Norge.

Grillede koteletter med mangosaus
Grillede koteletter med mangosaus. Foto: matprat.no Se oppskrift.

Forsidebilde: Grillet kylling. Foto: matprat.no