Historisk arkiv

Delta i Slagsvold Vedum sin sommarquiz

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum inviterer til quiz i sommar. Kvar veke fram til 6. august kan du teste ut kva du kan om landbruk og mat.

Landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum inviterer til quiz i sommar. Kvar veke fram til 6. august kan du teste ut kva du kan om landbruk og mat.

Du finn spørsmåla i lenka under. Du kan også finne svara der eller på nettsidene til verksemdene som er knytte til Landbruks- og matdepartementet – Mattilsynet, Statens landbruksforvaltning, Reindriftsforvaltninga, Bioforsk, Norsk institutt for skog og landskap, Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking eller Veterinærinstituttet.

Kvar veke blir det trekt ein vinnar som får eit flott kokkeforkle å ta på seg når han eller ho skal lage sine spesialitetar frå førsteklasses norske råvarer.

Siste frist for å delta på quizen denne veka er måndag 16. juli kl. 10.00. 

Hugs!! For å delta i trekkinga må du skrive inn di epost-adresse i svarskjemaet. 

Namnet på vekevinnaren blir publisert saman med svara på vekas quiz her på nettsidene til Landbruks- og matdepartementet.