Historisk arkiv

Rogaland satser på bioenergi frå skogen

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkeskommunen har vedtatt ny strategi med handlingsplan for skogbasert bioenergi i Rogaland. Rogaland har eit stort potensial for auka produksjon og bruk av bioenergi. Målet er 200 GWh innan 2020. Dette er ei tjuedobling av dagens produksjon.

Etablering av utdanning i bioenergi, bruk av bioenergi i eigne bygg og samordning av bioenergisatsinga i fylket er blant tiltaka fylkeskommunen vil setja i verk.

Kommunane sentrale
Kommunane er svært sentrale i ei forsterka satsing på bioenergi. Dei kan som planstyresmakt fremja bruk av bioenergi gjennom

  • å inkludera infrastruktur for varmedistribusjon i kommuneplanen
  • å vedta tilkoplingsplikt ved konsesjon
  • å ha krav om behandling av energiforsyning som tema i reguleringsplanar som handlar om byggjeformål