Rogaland satser på bioenergi frå skogen
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Landbruks- og matdepartementet
Nyhet | Dato: 24.07.2012
Fylkeskommunen har vedtatt ny strategi med handlingsplan for skogbasert bioenergi i Rogaland. Rogaland har eit stort potensial for auka produksjon og bruk av bioenergi. Målet er 200 GWh innan 2020. Dette er ei tjuedobling av dagens produksjon.
Etablering av utdanning i bioenergi, bruk av bioenergi i eigne bygg og samordning av bioenergisatsinga i fylket er blant tiltaka fylkeskommunen vil setja i verk.
Kommunane sentrale
Kommunane er svært sentrale i ei forsterka satsing på bioenergi. Dei kan som planstyresmakt fremja bruk av bioenergi gjennom
- å inkludera infrastruktur for varmedistribusjon i kommuneplanen
- å vedta tilkoplingsplikt ved konsesjon
- å ha krav om behandling av energiforsyning som tema i reguleringsplanar som handlar om byggjeformål