Styresmaktene satser på seterdrift. Bruk av penger over jordbruksoppgjeret gjev resultat. - Aktiv setring utvidar ressursgrunnlaget på garden. Dessutan er det fantastisk triveleg, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.

Langs fleire fjellvegar ser sommarturistene fortsatt stor aktivitet på mange setre. I 2011 var det aktiv seterdrift med melkeku på 1100 setre. Mange av setrene mottok stimuleringsstøtte for å halde oppe bruken.

- Sidan det er eit mål å ha eit aktivt landbruk over heile landet, er dette bra. Ekstra gledeleg er denne satsinga fordi regjeringa legg stor vekt på å utvikle bruken av beiter, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum.

Både i 2010 og 2011 brukte Fylkesmannens landbruksavdeling i elleve fylke drøye 36 millionar kroner over de regionale miljøprogramma for å stimulere melkeprodusentar til å benytte ressursene på setra.

Flest setre i Oppland
Oppland er det desiderte seterfylket. I fjor var det melkedyr – kyr eller geiter – på 427 setre, eller 38 prosent av det totale antallet setre i drift. Berre tre kommuner i Oppland har ingen setre i aktiv drift. Nesten en av tre melkeprodusenter i Oppland utnytter stølen. Deretter følgjer Hedmark med 212 aktivt brukte setre.

I 2011 mottok melkeprodusenter i Oppland opptil 33.000 kroner for drive aktiv seterdrift. Til saman utgjorde denne satsinga nærmare 13,7 millionar kroner.  I Hedmark med 212 aktive setre, utgjorde motsvarande tiltak til saman 7,6 millioner kroner. Sør-Trøndelag brukte 4,6 millioner kroner. Her mottar eigarar av enkeltsetre 39.000 kroner i stimuleringsstøtte, medan setre som dreiv fordeling på staden, mottok 70.000 kroner.

I Nord-Trøndelag var støtta på 50.000 kroner til dei som dreiv foredling og mottok besøk, 25.000 kroner til seter med ugjødsla voll og 15.000 kroner der det var snakk om gjødsla voll.

Servicesatsing
Sjølve kjerneområdet for seterdrift i Noreg, er Valdres med 230 aktive støler. I Øystre Slidre er 90 prosent av melkeprodusentane på stølen med dyra. Mange av desse tilbyr også et mangfold av opplevingar og aktivitetar.

Geitekillinger
Geitekillingar i leik på støl i Øystre Slidre i Valdres. Sjølve kjerneområdet for seterdrift i Noreg, er Valdres med 230 aktive støler. Foto: Bjørn Rørsletten, Samfoto.

Olestølen nordaust for Beitostølen er døme på ein slik støl. Dei vidareforedlar mjølka si og sel kvitost, fetaost, kremost og yoghurt . Her kan ein bli med å koke brunost eller delta på kurset “Smak av stølsliv” med mjølking av geiter, ysting, spikking og fjell- og kanoturar. Dei tilbyr også overnatting på stølen.