Indeksen for matråvarer frå Det internasjonale pengefondet (IMF) gjekk opp med 0,6 prosent i april. Det var blant anna stor prisoppgang for soyabønner og soyabønnemel, medan det for sukker og kjøt var ein gjennomsnittleg prisnedgang i april.

Kornprisane gjekk samla sett ned med 0,1 prosent i april. Det var mellom anna store variasjonar mellom dei ulike kornslaga. Kveiteprisen gjekk til dømes ned med 6,2 prosent, medan prisen på bygg auka med 6,6 prosent. Det var mindre dramatiske endringar i prisane på mais (ned 2,3 prosent) og ris (opp 1,5 prosent).

I fjor vart mykje kveite brukt til dyrefôr, men i 2012 vert det venta at andre kornslag som mais og bygg vil brukast til dyrefôr. Ifølgje FAOs (FN organisasjonen for landbruk og mat) marknadsutsikt for mai 2012 over produksjonen i sesongen 2012/2013, ser det ut til at kveiteproduksjonen vil minke noko, men at også etterspurnad og internasjonal handel med kveite vil reduserast, slik at prisen truleg vil halde seg stabil eller fallande dersom ikkje noko uventa skjer. FAO ventar at produksjonen av fôrkorn som mais og bygg på den andre sida ikkje vil klare å halde tritt med den globale etterspurnaden. Dette kan føre til reduserte kornlager i løpet av sesongen. Det er likevel mindre etterspurnad etter mais til produksjon av biodiesel enn tidlegare år.

Korn

Kornprisane gjekk samla sett ned med 0,1 prosent i april. (Foto: COLOURBOX)