No er trefestivalen i Bergen i full gang. 18 lag med deltakarar frå 14 ulike land hamrar, sager og skrur midt i Bergen sentrum.

Det er ein internasjonal samling av snikkararar, kunstnarar, arkitektar, ingeniørar, studentar og professorar som let planken og fantasien utfolda seg i byen sine gater og torg. Tema i år er «Portalen». Kunststykka er sett opp i Vågsbunnen der dei skal stå under heile Bergen Nattjazz.

BIWF (Bergen International Wood Festival) fokuserer spesielt på trevyrket sine konstruktive og formgjevande eigenskapar. Det er fjerde gongen Kunsthøgskulen i Bergen arrangerer festivalen saman med Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommune, Bergen kommune og fleire. For Kunsthøgskulen gir trefestivalen ein internasjonal dimensjon dei har stor nytte av.

Trefest i Bergen. Bruk av tre.

Trefest i Bergen (Foto: Bergen Wood)