Historisk arkiv

Sein våronn

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ein månad seinare enn normalt er det nå stor aktivitet i Rogaland, Vestfold og på Sørlandet. Traktorane går for fullt og poteter, isbergsalat, hjertesalat, blomkål, løk og gulrot er allereie sådd og planta. Lenger inn i landet har ein ikkje kome så langt enno, men godt ver frametter gir stor optimisme rundt starten på årets sesong.

Stor agurkproduksjon saman med låge importprisar gir prisnedgang for norske agurkar. Dei første nye potetene er sett. Fram til ny sesong er det norske lagringspoteter i marknaden til stabile prisar. Omsetnaden av poteter ligg nå på rundt 800 tonn i veka.  Importen aukar, og det er nå både importerte nypoteter og spesialpoteter i konkurranse med norske lagringspoteter. For mandelpoteter er både prisar og omsetnaden stabil. Tilgangen på økologiske agurkar aukar til fire tonn denne veka. Omsetnaden av økologisk rapidsalat held seg stabil, og det same gjeld for økologisk kepaløk og økologisk kålrot. Det framleis både økologisk kålrot og kepaløk igjen på lager.

Traktor på jorde
Ein månad seinare enn normalt er det nå stor aktivitet i Rogaland, Vestfold og på Sørlandet. (Foto: © Svein Grønvold/Samfoto)