Historisk arkiv

Vil løfte trenæringa nasjonalt

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

NTNU skal etablere eit samarbeid for innovativ bruk av tre som byggemateriale. Målet er å knyte saman næringsaktørar i heile landet og internasjonale kunnskapsmiljø.

NTNU skal etablere eit samarbeid for innovativ bruk av tre som byggemateriale. Målet er å knyte saman næringsaktørar i heile landet og internasjonale kunnskapsmiljø.

Hovudmålet til prosjektet Tre|Nova er å etablere ein forpliktande samarbeidsplattform for innovativ bruk av tre som byggemateriale. Prosjektet skal generere auka aktivitet og lønnsemd i trenæringa. Plattforma skal knyte saman kunnskapsmiljø (utdanning og forsking) og eit breitt spekter av næringsaktørar i tre- og byggenæringa, frå skog til ferdig bygg. Innovasjon Noreg støttar Tre|Nova med  665 000 kroner i Trebasert Innovasjonsprogram. 

Kunnskapsrike samarbeidspartnerar
Samarbeidspartnarane til NTNU (Noregs Teknisk-Naturvitskaplege Universitet) er Trefokus, Norsk Treteknisk Institutt (Treteknisk) og Tresenteret. Trefokus er eit nasjonalt informasjonsselskap, som skal dekke behovet for god og riktig treinformasjon både hjå profesjonelle aktørar innan bygg og planlegging, og hjå forbrukarane. Trefokus er eigd av skogbruk- og treindustri i Noreg. Treteknisk er eit bransjeforskingsinstitutt for treindustrien i Noreg. Treteknisk skal fremje medlemsbedriftenes lønnsemd ved bruk av oppdatert kunnskap om trevirke. Tresenteret er et kompetansesenter i grensesnittet mellom NTNU og næringen.

NTNU har arbeidd målretta for utvikling av tre gjennom ingeniør- og arkitektstudia ved NTNU sidan starten av 2000-talet. Kompetansen som blir bygd ved universitetet er viktig for alle delar av norsk trenæring.

- Dette er et flott initiativ! Moderne trebruk er spanande og nytenkande – og dessuten til beste for klimaet. For få veker sidan var eg og såg på dei nye studentbustadane ved Universitet for miljø og biovitskap. Dei er bygd som  høghus i massivtre. Dette vil gje eit godt bumiljø for studentane, samstundes som det er eit godt døme på ny trebruk, seier landbruks- og matminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp).

Miljøvenleg byggemateriale
Tre er eit av dei mest miljøvenlege byggemateriale vi har tilgjengeleg i Noreg i dag. Det er eit naturmateriale basert på eit fornybart råstoff, og har liten negativ innverknad på miljøet, dersom det kjem frå sertifisert og berekraftig forvalta skog. NTNU meiner at Noreg står i ein risikosituasjon i den globale marknaden, der internasjonale aktørar langt på veg er marknadsleiande innan industrialisering for bruk av tre som byggemateriale. Dersom det ikkje raskt blir investert i eit nasjonalt løft innan dette feltet, trur NTNU at Noreg må sjå seg sjølv redusert til ein rein råvareleverandør innan trebasert bygging i framtida.