Større tomatmangfald
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 11.01.2013
I skuggen av dei kommersielt dyrka veksthustomatane finst det ein rik underskog av tomatsortar som passar hobbygartnarar og nisjeprodusentar – og som kan vere interessante for økologisk produksjon.
I skuggen av dei kommersielt dyrka veksthustomatane finst det ein rik underskog av tomatsortar som passar hobbygartnarar og nisjeprodusentar – og som kan vere interessante for økologisk produksjon.
Om lag 20 tomatsortar har vore med i eit økologisk sortsforsøk i regi av Bioforsk Økologisk, med det føremålet å synleggjere mangfaldet for småskalprodusentar. Forsøket er gjort på sortar som er relativt nye i Noreg, og fleire av dei er såkalla villsortar eller gamle sortar, som blir dyrka for utsjånaden og smaken heller enn for størst mogleg avling.
Småprodusentar treng andre sortar
I samband med prosjektet har det vore dyrka tomatar både på friland, i tunnel og veksthus. Sidan mange småskalaprodusentar ikkje har tilgang til veksthus, har det vore viktig å finne ut kva sortar som greier seg best på friland, men som venta var hausten betre i veksthus og i tunnel enn på friland. Få sortar rekk å bli innhaustingsklare i løpet av den korte norske vekstsesongen.
I tillegg til å skaffe erfaringsgrunnlag for dyrking, er det gjort lagringsforsøk og smaksforsøk med dei økologiske sortane. Når det kjem til stykket, er det forbrukarane som avgjer kvor stort utval dei ønskjer.