Historisk arkiv

Gastronomiprisen 2014 til Taste it UB

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Ungdomsbedriften Taste it UB frå Karmsund vidaregåande skule i Rogaland vann Gastronomiprisen under NM i Ungdomsbedrifter 2014 på Lillestrøm i dag. Taste it UB vann også pris for Beste utstilling.

Ungdomsbedriften Taste it UB frå Karmsund vidaregåande skule i Rogaland vann Gastronomiprisen under NM i Ungdomsbedrifter 2014 på Lillestrøm i dag. Taste it UB vann også pris for Beste utstilling.  

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet delte i dag ut Gastronomiprisen under NM for Ungdomsbedrifter 2014 i regi av Ungt Entreprenørskap på Lillestrøm. 9 nominerte ungdomsbedrifter frå vidaregåande skuler konkurrerte. Ein av de nominerte, Gourmetkurva UB fra Agder, var og nominerte til årets Ungdomsbedrift 2014. 

- Eg er veldig imponert over kvaliteten og kreativiteten som deltakerne i NM for ungdomsbedrifter viser, seier statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal. 

- Landbruks- og matdepartementet er stolt av å vere økonomisk støttespiller til Ungt Entreprenørskap. Eg gratulerer ungdomsbedriften Taste it UB med Gastronomiprisen 2014, og vonar at dei kan inspirere andre ungdommer gjennom sitt engasjement og sin stolthet over kva dei har fått til, sier Blåfjelldal. 

Om vinnarane:  

1. plass og Gastronomiprisen 2014: Taste it UB frå Karmsund vidaregåande skole i Rogaland.

Juryen si avgjerd: Kandidaten har teke utgangspunkt i ein lokal/nasjonal råvare som er lite utnytta og som kan være utfordrande å bruke i matproduksjon. Dei har laga eit imponerende bredt produktspekter omkring denne råvaren. Smak, konsistens, lukt og presentasjon - alt var av høg kvalitet. 

Ungdomsbedriften Taste it UB frå Karmsund vidaregåande skule i Rogaland vann Gastronomiprisen under NM i Ungdomsbedrifter 2014 på Lillestrøm i dag.
Ungdomsbedriften Taste it UB frå Karmsund vidaregåande skule i Rogaland vann Gastronomiprisen under NM i Ungdomsbedrifter 2014 på Lillestrøm i dag. (Foto: Kaja Baardsen/UE Norge)

2. plass: Algarum Nemo UB frå Frøya vidaregåande skole i Sør-Trøndelag

Juryen si avgjerd: Kandidaten har laga eit innovativt, oppfinnsomt og eksotisk produkt med god bruk av lokale ressursar. Dei viser eit klart eierskap til produktet og produksjonsprosessen og stolthet i presentasjonen av det. Produktet har potensial for salg til både restaurant og privat forbruk. 

3. plass: Brønnøyshotten Sweet and Tasty UB frå Brønnøysund videregående skole i Nordland.

Juryen si avgjerd: Kandidaten har eit bevisst fokus på økologi og lokale råvarer, og produktet har utallige bruksområde og moglegheiter. Tidsriktig, frisk og rein design gir riktige assosiasjoner til produktet. 

Årets jury for Gastronomiprisen under NM i Ungdomsbedrifter 2014 var samansett av Oda Smeby Christensen frå Tine, Nina Mosseby frå Landbruks- og matdepartementet, Wenche Andersen frå TV2 og Harald Osa frå Bama Gruppen.  

Det var 9 kandidater til Gastronomiprisen 2014.

 

Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal
Statssekretær Hanne Maren Blåfjelldal i Landbruks- og matdepartementet delte i dag ut Gastronomiprisen under NM for Ungdomsbedrifter 2014 i regi av Ungt Entreprenørskap på Lillestrøm. (Foto: Torbjørn Tandberg)