Skriftleg svar til Stortinget frå landbruks- og matministeren
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Solberg
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 09.12.2014
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har svart på eit spørsmål om antibiotikaresistente bakterier i norsk slaktekylling frå representant Karin Andersen (SV) på Stortinget.
Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug har svart på eit spørsmål om antibiotikaresistente bakterier i norsk slaktekylling frå representant Karin Andersen (SV) på Stortinget.
Gjennom spørsmål til regjeringa sine medlemmar har stortingsrepresentantane mogelegheit til å få informasjon om bestemte saker og kartlegge regjeringa sine holdningar til aktuelle politiske spørsmål.
Skriftlege spørsmål er ei kort spørsmålsform, og er ikkje gjenstand for debatt i Stortinget. Statsråden som spørsmålet er retta til, skal innan seks virkedagar gje eit skriftleg svar til stortingsrepresentanten som har stilt spørsmålet.
Andersen har følgande spørsmål:
Nesten alle norske kyllingprodusenter gir broilerne sine et stoff som heter narasin i fôret hver dag. Narasin er patentert som antibiotika. Funnet av en ny type antibiotikaresistent bakterie i norsk slaktekylling er svært alvorlig fordi da kan viktige medisiner for å kurere infeksjoner av disse resistente bakterier, ikke lenger virke. Hva gjør landbruksministeren av akutte og langsiktige tiltak for å stoppe spredning og forhindre at resistens oppstår?