Historisk arkiv

Færre har selt kumjølkkvote

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

248 kumjølkprodusentar selde 22,3 millionar liter kvote i 2014. Det vil seie 27 færre seljarar enn i 2013 og omsett kvotevolum sank frå 24,4 millionar liter.

I 2013 måtte minimum 50 prosent av salsmengda seljast til staten for ein fast literpris. Denne mengda vart selt ut att til mjølkeprodusentane til same literprisen. Resten av salsmengda kunne omsetjast privat til marknadspris. Frå 2014 er dette tilhøvet endra til at kvotemengda som må omsetjast gjennom staten er redusert til 20 prosent medan inntil 80 prosent kan omsetjast i den opne marknaden.

Staten kjøper mindre

Mengda kumjølkkvote som vart omsett privat, auka med 62,5 prosent frå 2013 til 2014 sjølv om det var 27 færre seljarar i 2014 og den totale mengda kumjølkkvote som var seld gjekk ned med 8,4 prosent. 15,8 millionar liter er omsett i den private marknaden, mot 9,7 millionar liter i 2013.

Staten har kjøpt opp  6,5 millionar literkumjølkkvote i 2014. Det er 29,1 prosent av total salsmengde. I 2013 kjøpte staten 59 prosent av den totale salsmengda.

Norsk Rødt Fe, Lyngen i Troms
248 kumjølkprodusentar selde 22,3 millionar liter kvote i 2014. (Foto: Mari Bjørke/Geno)