Historisk arkiv

Stor auke i salg av økologiske varer

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Halvårsrapporten frå Landbruksdirektoratet om produksjon og omsetnad av økologiske varer i første halvår 2014, som blir lagt fram i dag, viser ei positiv utvikling.

Halvårsrapporten frå Landbruksdirektoratet om produksjon og omsetnad av økologiske varer i første halvår 2014, som blir lagt fram i dag, viser ei positiv utvikling.

Omsetnaden av økologiske varer har auka med heile 31 prosent det siste halve året.

-Det er gledeleg å sjå at omsetnaden av økologiske varer har auka så mykje, seier statssekretær i Landbruks- og matdepartementet Hanne Maren Blåfjelldal.

–Dette viser tydeleg at økologiske varer er noko forbrukarane etterspør i stadig større grad. Omsetnaden av økologiske varer har auka både i daglegvarehandelen og i andre salskanalar som bakeri, abonnementsordningar, spesialbutikkar og gjennom Bondens Marknad, seier Blåfjelldal.

Dei varene som hadde størst auke i omsetnad dette første halve året var økologiske grønsaker (ein auke på 51 prosent), økologiske egg (ein auke på om lag 15 prosent), økologiske meieriprodukt (ein auke på om lag 20 prosent).

Også på produksjonssida er det positiv utvikling. Sjølv om produksjonen av økologisk mjølk gjekk ned, auka andelen økologisk mjølk som vart seld som økologisk med 4 prosentpoeng. Rapporten viser ikkje oppdaterte tal for areal og talet på husdyr for første halvår 2014.