Avdeling for forskning, innovasjon og regionalpolitikk (AFIR)

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Avdelinga har ansvar for forskingspolitikken, den generelle innovasjonspolitikken og regional- og distriktspolitikken innan ansvarsområdet til Landbruks- og matdepartement.

Avdelinga har ansvar for å utvikle og følgje opp forskingspolitikken, den generelle innovasjonspolitikken, utdanning og regional- og distriktspolitikken innan Landbruks- og matdepartementet sitt ansvarsområde. Effektiv forvalting av midlane over statsbudsjettet, ein effektiv instituttsektor og å gjere kunnskap, kompetanse og utdanning tilgjengeleg for næring og forvaltning er sentrale element.  

Dei viktigaste føringane for avdelinga sitt arbeid  går fram av mellom anna Prop. 1S, Meld. St. 9 (2011-2012) og Regjeringens Langtidsplan for forsking. I tillegg kjem sentrale føringar frå Regjeringa.

Avdelinga skal vurdere rolla til landbruket og bidra i ein regionalpolitisk samanheng, og har eit sektoransvar overfor Kunnskapsdepartementet (KD) og Kommunal- og morderniseringsdepartementet (KMD) når det gjeld styring av fylkesmennsembeta  og Noregs Forskningsråd på landbruks- og matområdet. AFIR har etatsstyringsansvaret for Norsk Institutt for Bioøkonomi.

Avdelinga har ansvaret for internasjonalt arbeid på forskingsfeltet overfor EU og anna bilateralt forskingssamarbeid.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • Seksjon for regionalpolitikk

    Seksjonen skal arbeide for å synleggjere landbruks- og matsektoren si rolle i regional- og distriktspolitikken. Seksjonen har ansvar for departementet si etatsstyring, vareta styringsdialogen med fylkesmannsembeta og å hjelpe til i samspelet mellom aktørane på regionalt nivå. Seksjonen sitt arbeid er òg retta mot kommunesektoren, kommune- og regionreform og inntektssystemet for kommunesektoren. Seksjonen arbeider med regionalpolitikk, mellom anna arbeidet med ny regionalmelding. Ansvaret for kunngjering og fordeling av organisasjonsstønad over kap. 1138, 70 høyrer òg til i seksjonen. Seksjonen arbeider med utdanning på alle nivå, rekruttering til utdanning, kompetanse/etter- og vidareutdanning, mellom anna tilskott til fylkeskommunane innan rekruttering og kompetanse i landbrukssektoren. Seksjonen varetek dialogen med Kommunal- og morderniseringsdepartementet (KMD)/Kommunenes sentralforbund (KS) og Kunnskapsdepartementet (KD) på dei aktuelle områda.

    Avdelingsdirektør Wenche Østrem

  • Seksjon for forskning og innovasjon

    Seksjonen skal jobbe for å vidareutvikle forskings- og innovasjonspolitikken med vekt på rammevilkår og det offentlege si rolle. Seksjonen har ansvar for departementet si etatstyring av Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO) og styringsdialogen med Noregs forskingsråd. Seksjonen varetek departementet sin kontakt med Selskapet for industrivekst SF (SIVA). Utforming av forskings- og innovasjonspolitikken, medrekna oppfølging av regjeringa sin langtidsplan for forsking og høgare utdanning og utvikling av bioøkonomien i Noreg. Vidare arbeider seksjonen med utforming av instituttpolitikk og oppfølging av landbruks- og matfaglege forskingsmiljø. Seksjonen følgjer opp internasjonalt forskingssamarbeid. Seksjonen varetek dialogen med Kunnskapsdepartementet (KD) og Nærings- og fiskeridepartementet (NFD) og andre departement på aktuelle område.

    Avdelingsdirektør Kirsti Gustad