Historisk arkiv

Fylkesnytt frå Rogaland 2/2013

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Landbruks- og matdepartementet

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om jordvernet som står sterkt i vekstkommunen Sandnes.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om jordvernet som står sterkt i vekstkommunen Sandnes.

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

Jordvern står sterkt i vekstkommunen Sandnes 

I følgje rapporten ”Byfolk om bønder” svarar heile 91 prosent av dei spurde at dei ser det som svært viktig å ta vare på så mykje matjord som mogleg i Sandnes og områda rundt. Over halvparten meiner det er viktigare å ta vare på matjord enn å byggje nye bustader. 

Jæren er ein av dei aller viktigaste landbruksregionar i landet. Samstundes er regionen i sterk vekst. Det er ein kontinuerleg kamp om areala, og dyrka jord blir heile tida sett under press for nedbygging. I denne regionen ligg Sandnes kommune, landets sjuande største landbrukskommune målt i høve til næringsinntekt frå jordbruket, og samstundes den byen i Noreg som veks raskast. Med dette som bakteppe vekkjer ein rapport Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB) nyleg offentleggjorde merksemd. 

Sandnes
Sandnes (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

For eit sterkt jordvern
Rapporten ”Byfolk om bønder” er ein del av i forskingsprosjektet ”Landbruksbyen Sandnes”. Rapporten byggjer på ei undersøking der 520 menneske som ferdast i Sandnes sentrum blei spurde om mellom anna jordvern og lokal matproduksjon. Heile 91 prosent av dei spurde svarar at dei ser det som svært viktig å ta vare på så mykje matjord som råd i Sandnes og i områda rundt. Ein kjempeutfordring i Jærregionen er behovet for nye bustader, og jordvernstøtta blei i undersøkinga prøvd opp mot denne utfordringa. Heile 56 prosent svara at det er viktigare å ta vare på matjord enn å byggje nye bustader, medan 34 prosent svara at vi må få til begge delar. 

Stor interesse for lokale produkt
Undersøkinga målar også innbyggjarane sin interesse for lokalprodusert mat. 69 prosent svarar ja på spørsmålet om dei ønskjer eit større tilbod av lokale landbruksvarer, medan 21 prosent svarar nei. I undersøkinga går det og fram at det er stor betalingsvilje blant bebuarane i Sandnes for lokalt produsert mat. 82 prosent svarar at dei kan tenkje seg å betale meir for gode produkt med lokalt opphav, medan berre 17 prosent svarar nei på dette spørsmålet. 

Kontaktperson: Knut Harald Dobbe, tlf. 51 56 89 61.

Matjord.
Matjord. (Foto: Fylkesmannen i Rogaland)

 

Meir skog – betre for klimaet og større verdiskaping 

Nye tal frå Landskogtakseringa viser ein årleg tilvekst på 500 000 m3. Med ei årleg avverking på berre 85 000 m3 er det langt att til berekraftig bruk av skogressursane i fylket. Granartane produserer klart mest og har best kvalitet både til trelast og papir. Gran gir også størst klimagevinst.

Landskogtakseringa ved Norsk institutt for skog og landskap har nyleg lagt fram oppdatert statistikk over skogen i Rogaland. Statistikken byggjer på kartlegging av skogen i fylket i perioden 2005 - 2009.

Trass i at den årlege avverkinga av skog mest er tredobla siste 15 åra, er både årleg tilvekst og ståande volum vesentleg større enn for 15 år sidan. Tilveksten har auka med over 30 prosent og ståande volum er mest dobla på desse åra. Også skogarealet har auka og er no i overkant av 2,2 mill. dekar.

Endringane i tilvekst og volum skuldast først og fremst at skogreisinga som gjekk føre seg i ein periode frå 1950-åra og fram til 1990, med eit tyngdepunkt i 1960-åra, no viser att i takseringane. Skogreisinga etter 1990 har vore av langt mindre omfang.

Skogreising
Skogreising. (Foto: Lars Slåttå)

Gran og sitkagran best
Også denne takseringa viser at granartane er heilt overlegne andre treslag både i verdiskaping og i klimaarbeidet. Berre 10 prosent av skogarealet er registrert med granartar. Likevel står granartane, i første rekkje vanleg norsk gran og sitkagran, for 51 prosent av tilveksten. 

Unytta potensial
Rapporten frå Norsk institutt for skog og landskap viser også at det er eit stort unytta potensial i rogalandsskogane. Å ta meir av dette potensialet i bruk vil gi både større verdiskaping og større klimagevinst. 

Takseringa stadfester og forsterkar tidlegare registreringar om at bruk av rett treslag er svært viktig på desse kantar av landet. Vanleg norsk gran i indre og midtre strok og sitkagran i ytre strok er suverene i forhold til andre aktuelle treslag. Dette gjeld både i næringsamanheng og med tanke på karbonbinding. 

I Rogaland er det i dag ei aukande interesse for bruk av tre både til byggjeri og varmeleveranse. Ved å tredobla avverkinga kan ein langt større del av råstoffet hentast lokalt og kortreist. 

Kontaktperson: Lars Slåttå, tlf. 51 56 89 70 mob. 415 67 572.

Vasshus
Vasshus (Foto: Stein Bomo)

 

"Til for bonden" i Rogaland er på plass

Frå 1. september er vakttelefonen «Til for bonden» i Rogaland i drift.

Når utfordringane med å vere bonde blir for store, rammar det den enkelte bonde, men også familiar og andre som står bonden nær. For dei som slit, er det nå ordna med ein stad å ringe for å få hjelp.

På nummeret 950 09 000 får ein snakke med ei telefonvakt som kan hjelpe deg vidare eller som kan hjelpe der og då. Vaktene er sjølv erfarne bønder, og dei har naturlegvis teieplikt.

Dette lågterskeltilbodet er gratis og er meint som hjelp til bønder som har vanskar i kvardagen. Prosjektet vert i første omgang prøvd ut i dei åtte kommunane Randaberg, Stavanger, Sola, Sandnes, Klepp, Time, Hå og Gjesdal. Bak tiltaket står Norsk Landbruksrådgiving, Landbrukets HMS, Jæren bedriftshelseteneste, Rogaland bondelag og Fylkesmannen i Rogaland.

Kontaktperson: Aart Magnussen, tlf. 51 56 89 63.

 

Sommaren og hausten drivande god for graset 

Sommaren og hausten har vore svært god for grasveksten i Rogaland etter det langvarige frostveret med omfattande vinterskadar i fylket. I grasfylket Rogaland der over 90 prosent av jordbruksarealet er gras, endar vekstsesongen med varierande resultat, frå normalavling til noko under eit normalår på gras.

Det har i sommar og haust vore ei god blanding av sol, varme og nedbør slik at tilhøva for gras og andre jordbruksvekstar har vore optimale. Nå er mesteparten av avlingane hausta.

Graseng på Finnøy.
Graseng på Finnøy. (Foto: Dagfinn Hatløy)

Førsteslåtten var svært varierande frå lite gras til opp mot det normale. Så blei både andre- og tredjeslåtten svært god i heile fylket. I sum for vekstsesongen varierer grasavlingane frå normalår til noko under normalår.

For meir informasjon om grasavlingane viser vi til vedlagt artikkel i Bondevennen.

Jordbruksarealet for korn og poteter går tilbake i Rogaland. Det blei som for dei andre vekstane ein sein vår. Med god sommar og haust har det likevel blitt korn- og potetavlingar omlag som i eit normalår.

Samla sett har det blitt rimeleg gode jordbruksavlingar i Rogaland.

Kontaktperson: Birger Aasland, tlf. 51 56 89 87. 

Graseng.
(Foto: Jon Ola Syrstad)

 

Storfesatsinga i Rogaland er godt i gang

Produksjonen av storfekjøt har gått ned i Rogaland. Samtidig har det vore ein auke i importen av både storfekjøt og lammekjøt. Næringa og Fylkesmannen har gått saman i eit prosjekt for å snu denne utviklinga. 

Storfesatsinga i Rogaland er ei fellessatsing for å få auke i storfekjøttproduksjon, og prosjektet starta med å arrangere ei rekkje kveldsmøte/grillkveldar rundt omkring i fylket. Arrangementa fanga interesse og samla mange bønder. 

Då storfeprodusentane blei spurt om kva dei ønskjer å vite meir om,  svarte 33 prosent fôring og stell, 22 prosent dyrehelse, 50 prosent produksjon og drift, 67 prosent bygningar, 69 prosent økonomi, 42 prosent beitebruk, 44 prosent tilskot, 14 prosent avl og genetikk og 12 prosent miljøutfordringar. På bakgrunn av desse tilbakemeldingane vil det utover hausten og vinteren bli arrangert større informasjonssamlingar som fokuserer på desse tema. 

I 2014 skal Storfesatsinga i gang med bonderetta rådgjeving. Dermed skal vi hjelpe produsentar å finne løysningar for dei utfordringane dei står framføre. Med det kan produsentane få ei meir lønnsam og rasjonell drift, noko som forventast å føre til auka slakteleveransar. 

Bak satsinga står slakteria Nortura, Fatland og Prima, samt faglaget Tyr, Fylkesmannen i Rogaland, Rogaland fylkeskommune og Innovasjon Noreg. Satsinga varar fram til 2017. 

Kontaktperson: Aart Magnussen, tlf. 51 56 89 63. 

Storfe.
(Foto: Gunhild Magnussen)