Fylkesnytt frå Hordaland 1/2014

Dette innhaldet er meir enn 10 år gammalt.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Hordaland sin kandidat til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014.

Fylkesmannen i Hordaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om Hordaland sin kandidat til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014.

Samordna nettsatsing
Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.  

Kandidat til Den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014  

Hordaland sin kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen 2014 er husmannsplassen Kvemmadokkje på garden Børsheim i Ulvik herad.

Fylkesmann Lars Sponheim delte ut Kulturlandskapsprisen for Hordaland til ekteparet Børsheim i 2013.
Fylkesmann Lars Sponheim delte ut Kulturlandskapsprisen for Hordaland til ekteparet Børsheim i 2013. (Foto: Reinhold Kager)

Kvemmadokkje vann Hordaland sin kulturlandskapspris i 2013, der tema var "Ny bruk av ledige landbruksbygg" og er etter dette kandidat til den nasjonale kulturlandskapsprisen i år. Kvemmadokkje er eit unikt kulturminne, ein kulturarena og ein formidlingsarena om husmannsvesenet som elles primært finst på museum.

Børsheim har 270 dekar innmark; 90 dekar dyrka, 80 dekar beite, 100 dekar lauvskog som vert beita og om lag 500 dekar produktiv skog og 1000 dekar fjellareal. Eigarane Johan og Toril L. Børsheim har skapt eit heilskapleg driftsgrunnlag på garden gjennom tradisjonell drift som grunnlag for bevaring av eit kulturlandskap og restaurering av kulturmiljøet Kvemmadokkje frå 1820, som igjen vert nytta som kultur- og opplevingsarena. Garden vert drive med kjøtproduksjon på storfe og sau og skjøtsel og forvaltning av kulturlandskapet er med det ein del av den tradisjonelle drifta på garden. Heile ressursgrunnlaget på garden vert nytta som grunnlag for næringsverksemda, frå skogsdrift og tradisjonell husdyrdrift med beitemarker og stølsdrift, til tun med våningshus, eldhus og låve som arena for kulturbasert næring.

Restaurering og skjøtsel av landskap og kulturminne
Eigarane har sidan dei tok over Børsheim gard i 1978 hatt som mål å ta vare på husmannsplassen Kvemmadokkje. I 1998 starta restaureringa av våningshuset med den samanbygde låven og eldhuset etter antikvariske prinsipp. Det er nytta kvalifiserte, lokale handverkerar og rettleiing frå både kulturminne- og landbruksfagleg hald. I 2007–09 vart stovehuset utbetra for å kunne nyttast til utleige og arrangement, samstundes som det autentiske utrykket vart ivareteke. Dei gamle hagemarkstypane av opphavleg edellauvskog og barskog vart og tilbakeførte, med styvingstre av bjørk, ask og alm til for og hasselstuvar som tidlegare vart nytta som tønneband. Området inneheld også kulturminne som steingarder, restar etter eldre tunskipnad og gravhaug. Området vert nytta av Landbruksrådgjevinga i Hordaland som døme på restaurering av hagemarkstypar for husdyrbeite.

Kulturarena
Gjennom målretta arbeid har eigarane skapt ein eineståande arena for kulturformidling, mellom anna gjennom årlege husmannstreff, og ein nyskapande arena for konsertar og teater. Dei har klart å kombinere det lokale med det internasjonale, og har på denne måten skapt merksemd om kulturlandskapsverdiane for tusenvis av menneskje frå bygd og by som har valt kulturlandskapet på Børsheim gard som besøksmål.

Heile kulturmiljøet med bygg og kulturlandskap vert nytta som ramme for nokre av landets framste musikarar og kunstnarar, som Leif Ove Andsnes, Juni Dahr og Frikar, ofte i kombinasjon med lokale folkemusikkutøvarar.

Samarbeid og synleggjering
Kvemmadokkje Husmannsplass tek del i pakking av opplevingsprodukt spesielt ved lokale Brakanes Hotel, som satsar ein del på opplevingar innan lokal mat og historie. Som konsertarrangør o.l. har dei eige heimeside og deltek i regionalavisa Bergens Tidende si tilbodsordning til abonnentar. Dei kommuniserer med dette ganske breitt ut til ålmenta og reisleivsnæringa og gjer med dette garden meir tilgjengeleg for breiare besøksgrupper som elles ikkje ville fått så tette opplevingar av historie, kulturlandskap og kulturmiljø. Gjennom deltaking i lokalt matnettverk byr dei på lokalmat for reiselivsgrupper og andre gjester som søker det beste Hordaland har og by på av opplevingar knytt til lokalmat og kulturlandskap. Dei har og rydda og held ved like turstiar rundt stølane for å gjere kulturlandskapet meir tilgjengeleg for ålmenta. Det lokale idrettslaget arrangerer årleg motbakkeløpet Kvasshovden Opp, som går over innmark og utmark på Børsheim gard.

Vegen vidare
Torkjell Børsheim er neste generasjon og har allereie tatt valet om å føre drifta vidare, både med husdyrproduksjon og med kulturbasert næringsdrift. Han er utdanna veterinær, men også ein av Noregs framste folkedansarar, mellom anna knytt til dansegruppa Frikar. Han deltek allereie aktivt i skjøtsel av garden og kulturformidlinga gjennom historieforteljing og kulturarrangement.

På kort sikt er planen å gjere kulturlandskapet meir tilgjengeleg gjennom merking, skilt og infotavler, slik at ålmenta kan finne informasjon og vandre på eiga hand. I tillegg er det sett i gang eit pedagogisk opplegg for skuleelevar, for undervisning om natur, kultur og drift på garden i fortid og nåtid. 

Å skapa perlekjede 

Perlene ligg tett langs turistvegane. Korleis kan vi knyte dei betre saman?

Ny bløming i Indre Hardanger.
Ny bløming i Indre Hardanger. (Foto: Ragna Flotve)

Satsinga "Å skapa perlekjede" er initiert av reiselivsaktørar i Odda, og har sitt kjerneområde i nordre del av Folgefonnhalvøya. Det finst relativt få store reiselivsaktørar i området. Om dei små og store perlene blir ein del av eit perlekjede, gjennom samhandling, framsnakking og utvikling av pakkar,  vil både kvar perle og det samla perlekjedet kunna bli sterkare og meir synleg.  "Å skapa perlekjede" er ei konkret satsing innanfor produktutvikling gjennom nettverk.

Mobilisering i ei ny tid
Nordre del av Folgefonnhalvøya opplever reduksjon i buss- og ferjetrafikken som følgje av nye infrastrukturprosjekt, samstundes som nye moglegheiter opnar seg.  Korleis kan ein møta endringane på ein offensiv måte? Mobilisering, erfaringsutveksling og innovasjonsarbeid er sentrale oppgåver for Fylkesmannen si landbruksavdeling.  Me ynskjer med denne satsinga  å bidra til auka samhandling mellom samfunnsentreprenørane og reiselivsnæringa, for å fremja utvikling av ei robust næring.

Samspel mellom lokalsamfunn og næringsliv
Ei positiv næringsutvikling på reiselivsområdet føreset gode hjelparar og lokale drivkrefter. Dette vert understreka mellom anna i Telemarkforsking sin rapport "Duett eller duell".

Fylkesmannen i Hordaland, Hordaland Fylkeskommune og Innovasjon Noreg har gode erfaringar med reiselivsinnovasjon i nettverk, og områdesatsingar knytt til lokalsamfunn og landskapsparkar i fylket.  Erfaringane vil nyttast i det praktiske arbeidet framover. Folgefonnhalvøya har landskapsparkar, LivOGLyst-satsingar og andre positive drivkrefter som har gjeve si tilslutning til satsinga, og vil leggja til rette og heia fram lokalt reiselivsarbeid.

I april møtest reiselivsaktørar og samfunnsentreprenørar til tankesmie.

Korleis utvikle lokalmat i Bergen og Hordaland? 

Matstrategien "Vegval for lokalmat Hordaland" vart presentert på MØTEPLASS MAT 10. mars.

Logo Vegval for lokalmat Hordaland

Norsk Sjømatsenter, Bergen kommune og den regionale partnarskapen (fylkeskommune, Innovasjon Noreg og Fylkesmannen) arrangerte nyleg den første MØTEPLASS MAT, som skal vere ein fast samarbeids- og utviklingsarena for mat i Hordaland.

Eit stuvande fullt auditorium i Mathallen vitna om stor interesse, ikkje minst frå den urbane restaurantbransjen, for det blå-grøne samarbeidet for å få meir lokalmat på menyen. Ein kunne ikkje bedt om ei betre ramme for lansering av matstrategien "Vegval for lokalmat Hordaland" utforma av konsulentselskapet Dreis AS for partnarskapen og presentert av fylkesvaraordførar Mona Hellesnes Haugland. Samstundes lanserte fylkesvaraordføraren også ein konkurranse for kokkar og matentusiastar elles. I samband med markeringa av Grunnlovsjubileet 1814 – 2014 ynskjer Hordaland Fylkeskommune å få inn forslag for eit festmeny. Vinnaren av konkurransen får ære, heiderleg omtale og serveringa på jubileet si markering 14.mai.

Dokumentet er fram til no gjennomarbeida i partnarskapen med ein del utvalde næringsmiljø. Partnarskapen meiner strategien tek opp eit viktig og engasjerande tema og kjem til rett tid. For det skjer skjer mykje i matregionen Bergen akkurat no. Bergen kommune sin søknad om opptak i UNESCO sitt Creative City-program under kategorien Gastronomy vert sendt i desse dagar, og kan vonaleg vente svar til neste år. Mange tema og tiltak i matstrategien heng saman med denne søknaden. Bergen Matfestival veks seg stadig større og femner stadig meir. I september vert den arrangert saman med BØ! Bergen Ølfestival og nytt av året Barnas Matfestival. Nye arenaer for sal og historie rundt lokal mat og produkt dukkar opp heile tida.

Ein million til kulturlandskapet 

I 2013 delte fylkesmannen ut litt over ein million kroner i Hordaland til skjøtsel av kulturlandskap med særskilte naturverdiar. Målet er å ta vare på kulturlandskap med eit særleg stort mangfald av blomar, gras, insekt og smådyr, og som er arbeidskrevjande å drive.

På Kjeåsen i Eidfjord skjøttar no ein ny generasjon dei artsrike slåttemarkene, med regional skjøtselsmidlar.
På Kjeåsen i Eidfjord skjøttar no ein ny generasjon dei artsrike slåttemarkene, med regional skjøtselsmidlar. (Foto: Eric Kuijf)

Viktige område
Skjøtselmidlane er viktige for å ta vare på naturverdiane i verdifulle kulturlandskap i Hordaland. Dei mest verdifulle områda er areal med tradisjonell drift. Her finst eit mykje større mangfald av blomar og gras enn i moderne oppgjødsla landbruksareal. Dette tiltrekker seg igjen eit stort mangfald av insekt og smådyr. Det er no få som driv på tradisjonelt vis, og artane som er knytt til desse areala har få levestader. Vi prøver derfor å ta vare på dei mest verdifulle områda vi har att.

Havrå på Osterøy, Lygra i Lindås (lyngheisenteret) og mange større og mindre slåttemarker og kystlyngheier i heile fylket får no slike midlar. Det er berre dei mest verdifulle områda med registrerte naturverdiar som får skjøtselsmidlar.

Totalt har vi no avtale om skjøtsel av ca 230 daa slåttemark og meir enn 17 000 daa kystlynghei. Vi jobbar for å få skjøtseslavtaler i fleire verdifulle område.

Dei utvalde naturtypane i kulturlandskapet er:

  • Slåttemark, som krev årviss slått og beiting, samt liten eller ingen tilførsel av gjødsel
  • Kystlynghei, som krev heilårsbeite og jamnleg brenning
  • Haustingsskog, som krev hausting/styving av trea

Meir informasjon