Fylkesnytt frå Rogaland 2/2014

Dette innhaldet er meir enn 9 år gammalt.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om rekordutbetaling etter vinterskader på eng i fjor.

Fylkesmannen i Rogaland er ute med ei ny utgåve av Fylkesnytt, mellom anna med ein artikkel om rekordutbetaling etter vinterskader på eng i fjor.

Fylkesmannen sine landbruksavdelingar og Landbruks- og matdepartementet har inngått eit samarbeid om ei felles nyhendeteneste på nett. Tiltaket er eit ledd i arbeidet med å vidareutvikle og samordne nettsatsinga mellom Landbruks- og matdepartementet og fylkesmennene. Kvart fylke vil gje ut eitt nettbasert nyhendebrev i halvåret.

__________________________________

Om Fylkesmannen
Fylkesmannen er representanten til Kongen og regjeringa i fylket og skal arbeide for at vedtaka, måla og retningslinjene til Stortinget og regjeringa blir fulgt opp. På vegne av flere departementer utfører fylkesmannen en rekke forvaltningsoppgaver ovenfor kommuner og enkeltpersoner og er klagemyndighet og tilsynsmyndighet.

  

Rekordutbetaling etter vinterskader på eng i fjor

Unormalt store vinterskader på eng vinteren 2013 førte til rekordutbetalingar i støtte til ramma bønder i Rogaland. 2014 derimot ser ut til å bli eit svært godt avlingsår for gras i fylket. 

I 2013 var det i Rogaland unormalt store vinterskader på eng etter ein lang periode med berrfrost. Den store søknadsmengda på over 500 søknader gjorde at ikkje alle søknadene var behandla før denne sommaren. Dette resulterte i ei rekordutbetaling i Rogaland på 14,1 millioner kroner. Samla utbetaling på landsbasis utgjorde kr 36,3 millioner kroner. 

Også i 2011 var det ein del overvintringskader på eng i Rogaland, medan enga klarte seg greitt gjennom den siste vinteren. 

Vinterskada eng.
Vinterskada eng. (Foto: Nono Dimby)

Om lag 90 prosent av jordbruksarealet i Rogaland er gras. Etter vinterskadane i fjor blei det ein god sommar og fin haust, slik at grasavlingane alt i alt blei brukbare. 2014 ser ut til å bli eit svært godt avlingsår for gras i Rogaland. Dette syner at sjølv i grasfylket Rogaland kan avlingane svinga svært mykje – med dei utfordringane det medfører for bøndene som treng jamne avlingar til buskapen. 

Du kan lesa meir om regelverket om søknader for vinterskader  her

Kontaktperson: Birger Aasland, tlf. 51 56 89 87.

 

Fruktdyrkarane har vind i segla

Fruktsafari til nytenkande fruktdyrkarar på ei øy i Ryfylke har på ny fått opp entusiasmen for fruktdyrking i fylket. Ein ny generasjon fruktdyrkarar har meldt seg på.

Fruktsafari som inspirasjon til ei fruktsatsing
I mars arrangerte Rogaland fruktdyrkarlag og Fylkesmannen i Rogaland «Fruktsafari» for første gang, og det blei ein fruktbar start på ei større fruktsatsing. Hos nytenkjarane Roald Voll og Marianne Kåsen på Ombo i Ryfylke fekk rundt 30 deltakarar innblikk i korleis dei driftar garden sin med tomat og fruktproduksjon.

Fruktsafari på Ombo
Fruktsafari på Ombo (Foto: Eli Munkeby Serigstad)

Opphavleg er dei tomatdyrkarar og har klart å overføre kompetanse og teknologi om gjødsling og vatning frå tomat til fruktdyrkinga for å auke kvalitet og avlingsmengde. Og deltakarane let seg rive med av paret sin entusiasme for nytenking. I august var det på ny ein «Fruktsafari» til Ombo, nå for å sjå på resultata. Denne gangen møtte over 50 fruktinteresserte personar som fekk sjå særs gode avlingar på felt med den nye metoden «tett-plantingar».

Fleire fruktdyrkarar seier at dei har fått ein ny giv og glød i arbeidet.  Næringa har vore prega av nedgang i produksjon og dårleg rekruttering. I løpet av dei siste 15 åra har tal produsentar og tal dekar produksjonsareal til frukt blitt halvert, og avlingsmengd per dekar har ikkje auka i denne perioden. Rogaland har ca. 3,5 prosent av den totale fruktproduksjonen i Noreg, og Ryfylke er desidert størst av regionane i Rogaland både når det gjeld tal produsentar og produksjonsareal. Per i dag er det knappe 50 fruktdyrkarar som søker om produksjonstilskot.

No står fleire frå den yngre generasjonen klare til å ta over i Ryfylke, og ute ved den forblåste Jærkysten er det to nyetablerte produsentar i Randaberg som ønskjer å satse vidare. Det er ei kjærkommen utvikling, for fruktnæringa slit med særleg høg gjennomsnittsalder som er på 54 år. Men det er behov for fleire unge!

Forankring og leveransar
Under ein VRI-innovasjonsdialog i juni møttest dyrkarar og folk frå forsking, rådgiving og det offentlege. Målet var å forankre ei satsing hos produsentar og beslutningstakarar i heile verdikjeda, samt utkrystallisere behov som næringa har og prioritere moglege utviklingstiltak og forskingsprosjekt. Saman blei vi einige om å sette i verk fleire tiltak for å styrke fruktnæringa. Desse kan delast inn i to retningar: mobilisering  og forsking og utvikling (FoU).  

Eple fra Ombo.
Eple fra Ombo. (Foto: Eli Munkeby Serigstad)

Mobilisering var klart det viktigaste emnet for dyrkarane. Innan mobilisering blei det definert fire område: rekruttering, kompetanse, finansiering og omdømmebygging.

To av tiltaka som det var ønskje om å sette i verk så fort som mogleg, var å utarbeide eit kriteriedokument ved tilskot til investeringar i nye og gamle frukthagar, og å få på plass ei fadderordning. Desse to dokumenta er no ferdig utarbeida. Kriteriedokumentet inneheld prioritering av midlar til fruktdyrking og gir føringar for bruk av Bygdeutviklingsmidlane til nyplantingar eller oppgradering av eksisterande frukthagar.

Mellom anna blir det sett krav om bruk av tettplantingar (tettare planting av frukttrea), bruk av sortar som blir tilrådd av fagmiljøet, å vere medlem hos Norsk landbruksrådgiving (NLR) og nytte ei fadderordning. Fadderordninga blir brukt for å sikre best mogleg kompetanseoverføring til nye dyrkarar.

For tida arbeidast med ein handlingsplan der det viktigaste punktet er å få til ei ordning med ein fast rettleiar. Rettleiaren sin innsats kjem i tillegg til NLR sin innsats, der rettleiaren skal ha ein tettare oppfølging av dyrkarane.

FoU
Innan FoU er desse områda utpeika: kvalitet og smak, gjødsling og vatning, plantehelse/dyrkingsteknikk. Med intensive plantefelt blir det sett større krav til optimalt vekstnivå, vatning og næringsforsyning. I tillegg ligg det store utfordringar i å eliminere problema med vekselbering (årssvingingar i avlingsmengde). Det er derfor liten tvil om at næringa framleis har mykje å arbeide med i produksjonen av kvalitetsfrukt. 

Andre land i Europa utviklar stadig nye teknikkar og sortar som kan overførast til Noreg, men det krev tilpassingar.  Dyrkarane har mange utfordringar  i samband med dette så som val av rett sort tilpassa jordsmonn og klima, restriksjonar i bruk  av plantevernmiddel, næringstilgang og gjødselvatning, skjering av røter og finpussing, mekanisk ugrasbekjemping, sprøyteteknikk og jordtrøttleik. 

Kontaktperson: Eli Munkeby Serigstad tlf. 51 56 89 62.

 

Innmarksbeitet - gullet i rogalandbruket

Matfylket Rogaland har eit jordbruksareal på totalt 1 071 200 dekar. 46 prosent av dette er innmarksbeite – snautt ein halv million dekar. Utan denne viktige arealressursen hadde ikkje Rogaland vore det matfylket vi er dag. 

Beite frå Rennesøy.
Beite frå Rennesøy. (Foto: Nono Dimby)

Innmarksbeite, også kalla gjødsla beite eller kulturbeite, er ein svært viktig ressurs i  gras- og husdyrfylket Rogaland. Innmarksbeitet i Rogaland utgjer om lag 22 prosent av alt innmarksbeite i landet. Kvaliteten på beitet varierer sjølvsagt, men mykje av beitet har svært god kvalitet med høg produksjonsevne. 

Jordbruksareal i Rogaland - fordeling fulldyrka og innmarksbeite.
Jordbruksareal i Rogaland - fordeling fulldyrka og innmarksbeite. (Kjelde: Skog og landskap, AR 5)

På godt pleia beite i beste klimasone viser forsøk at produksjonspotensialet er 600-800 kg tørrstoff per dekar mot 1200 kg på fulldyrka grasareal. Dette betyr at mykje av innmarksbeitet  i Rogaland gir meir avling per dekar enn det fulldyrka jord gir mange andre stader i landet. 

Trass i dette er det ein klar tendens at beiteareal ikkje blir verdsett  slik produksjonsevna skulle tilseie. Dette ser vi særleg i saker der innmarksbeite blir foreslått omdisponert til utbyggingsføremål. I konsekvensvurderingar (KU) i slike saker blir i nokre tilfelle omdisponering av beite knapt vekta som negativt. Jordvern blir difor fort synonymt med berre vern av fulldyrka jord. 

Beite frå Rennesøy.
Beite frå Rennesøy. (Foto: Nono Dimby)

Meir kjøt krev gode beite
Rogaland  har sett i gang ei satsing for å få opp produksjonen av storfekjøt i fylket, med bakgrunn i at det blir produsert for lite storfekjøt til å dekke etterspurnaden i Noreg. Innmarksbeitet er ein avgjerande ressurs for å få opp kjøttproduksjonen i Noreg, anten det er snakk om storfe- eller sauekjøtt. Beiteressursar gir godt fôr til ein svært beskjeden pris. Bonden har gode høve til forbetring av kvaliteten på beite gjennom forholdsvis enkle tiltak. 

Meir enn produksjonsverdi
Utanom produksjonsverdien er innmarksbeite ein viktig del av Rogalands-jordbruket sitt kulturlandskap. Det er også leveområde for mange ulike arter, både dyr og planter. Innmarksbeitet er difor også viktig for det biologiske mangfaldet . 

 Innmarksbeite Rogaland - regionsfordeling.
Innmarksbeite Rogaland - regionsfordeling. (Kjelde: Søknad om produksjonstilskot)

Vi ser behovet for i større grad å synleggjere innmarksbeitet som den viktige ressursen det er. Det er tid for å snakke opp beitet – «Rogalandbruket sitt gull». 

Kontaktperson: Dagfinn Hatløy tlf. 51 56 89 79.

 

 

Bygdafolk som samfunnsutviklarar 

Rogaland har store konsentrasjonar av innbyggarar i og rundt dei fire største byane, men det er og mange som bur og arbeidar inst inn i fjordane og på øyar og nes rundt i fylket. Her er utfordringane for ei positiv samfunnsutvikling ofte annleis enn i byområda. 

To prosjekt frå Rogaland blei fronta under konferansen Vestlandsk Vidsyn 2014 på Sola Strand Hotel, nemleg «Legg dei pengar att?» i Lysefjorden og «Vital rural area» på Finnøy. Felles for begge prosjekta er at nokon må gløda og vere den som set ting i gang for å få innbyggarane engasjerte. 

«Legg dei pengar att?»
Preikestolen, som kneisar med sine 600 meter over Lysefjorden, har over 250 000 turistar i år. Dobbelt så mange turistar besøker attraksjonar i Lysefjorden kvart år, men mykje av overnatting, servering og andre opplevingar skjer i byane. I prosjektet "Legg dei pengar att?" med midlar frå Lokal samfunnsutvikling i kommunane (LUK) skal reiseliv og vertskommunar mobilisere for å auke lokal verdiskaping. Prosjektleiar Åshild Hus arbeider mellom anna med å utvikle ei vandrerute «Lysefjorden rundt» og fleire opplevingstilbod i kraftbygda Flørli med sine 4444 trappetrinn langs røyrgata. Ho og Kari Sand hos Fylkesmannen i Rogaland driv med aktiv oppsøking av reiselivsaktørane, og dei meiner denne metoden for inspirasjon og planlegging fungerer svært godt. Resultata let heller ikkje vente på seg. 

Bjerga i Sjernarøy, øygruppe i Finnøy kommune.
Bjerga i Sjernarøy, øygruppe i Finnøy kommune. (Foto: Eli Munkeby Serigstad)

Folkehelse, mobilisering og identitet
I Finnøy kommune har «Vital rural area» ført til ei auka merksemd på folkehelse, mobilisering, lokale ressursar og identitet. Eit av resultata er Sjernarøy-veka der lokale lag og foreiningar feirar seg sjølv og viser fram mangfaldet av ressursar. Dette bygger identitet, og dei blir meir stolte og viser dermed for heile verda at det er godt å bu i Finnøy. Ivrige Sjernarøy-bønder tar del i denne utviklinga. Dei er fagleg sterke, er aktivt med i frivillige organisasjonar, og dei er nytenkande. Dei vil gjerne løfte fram Sjernarøy sine kvalitetsprodukt ved å vidareutvikle gardane og bygda. Det er vidsyn. 

Vestlandsk vidsyn 2014
Vestlandsk vidsyn 2014 samla no i september 160 vidsynte og kreative vestlendingar i to dagar for å diskutere lokal samfunnsutvikling og verdiskaping. Dette var fjerde gang konferansen blei arrangert, men første gang Rogaland var med på arrangørsida. I salen sat politikarar, frivillige i bygde- og grendelag, lag og organisasjonar, samfunnsplanleggarar, næringsutviklarar, prosjektleiarar, bedriftsleiarar og forskarar. 

Mange av foredraga handla om å ta utgangspunkt i den viktigaste krafta som finst i alle lokalsamfunn, nemleg innbyggarane. Det blei ved fleire høve trekt fram kor viktig samspelet mellom naturen, kulturen og maten er for å lukkast med å skape optimisme og nye arbeidsplassar. 

Kontaktperson: Eli Munkeby Serigstad tlf. 51 56 89 62.

 

Skogen sin karbonfangst i GIF-ITTI-form

Karbonfangst og verdiskaping i skogen er nyleg blitt framstilt som eit flott kunstverk på ein vegg  på eit gammalt sauefjøs ved E39 nær Ålgård utanfor Sandnes. Kunstverket blir filma og omgjort til Gif-itti og deretter lagt ut på Internett. Prosjektet er i regi av Skogselskapet i Rogaland. 

GIF-ITTI eller GIFFITTI
(Foto: Planck film)

Kunstnarane Meter og Res frå kunstnarkollegiet Your Mamas Favourites kom frå Oslo til Ålgård for å dekorere ein 20 m lang vegg på ei sauehus. Dei har laga eit kunstverk som illustrerer karbonet sitt krinsløp og verdiskapinga i skogen. For kvar dag gjorde dei ei lita endring i motivet. Kunstverket vart så fotografert og filma av Planck film, som så skal sette bileta saman i ein såkalla GIF. 

GIF-ITTI
Ein GIF er ein serie bilete som går i loop på Internett og gjerne blir delt over sosiale medium og e-post. Når det blir laga ein GIF av grafitti kunst, kallar vi det gjerne GIF-ITTI eller GIFFITTI. Eit døme på ein slik GIF-ITTI kan du sjå her. Den blei laga for Ringnes sin energidrikk Battery og blir for tida rekna som den største i verda. 

Kunnskap om skog til urban ungdom
Det er utfordrande for skogsektoren å nå ut i samfunnet både med bodskapen om skogen som karbonfangar i klimasamanheng og skogen som verdiskapar. Det er kamp om informasjonen og informasjonskanalane. Gjennom prosjektet Verdiskaping og CO2-binding i Rogalands-skogbruket har difor Skogselskapet i Rogaland, bl.a. i samarbeid med Fylkesmannen, forsøkt å gå nye vegar for å nå ut til særleg dei unge og urbane. Bruk av Internett på nye måtar kan vere vegen å gå.

GIF-ITTI eller GIFFITTI
(Foto: Planck film)

Prosjektkoordinator Gerd Inger Aarnes i Skogselskapet er prosjektansvarleg, og dagleg leiar Erik Faye-Schjøll har medverka til opplegg og innhald. GIF’en vil bli publisert i fleire kanalar og på fleire språk, bl.a. på Facebooksida til Skogselskapet i Rogaland og på Youtube. 

Ein lokal tilleggseffekt av dette prosjektet er at all trafikk på E39 mot Sandnes og Stavanger får med seg eit flott kunstverk og ein positiv bodskap om skogen. 

GIF-ITTI eller GIFFITTI
(Foto: Gerd Inger Aarnes)

Kontaktpersonar: Gerd Inger Aarnes tlf. 952 10 357 eller Lars Slåttå tlf. 415 67 572.

 

Meir grønsaker og poteter frå Rogaland

Forbrukarane er meir enn før opptekne av helse og sunn mat. Av den grunn går konsumet av grønsaker og bær opp. Fylkesmannen har difor tatt opp med næringa spørsmålet om å auke grønsaksproduksjonen i Rogaland. 

Tysdag 23. september inviterte Fylkesmannen i Rogaland til Grønsaksamling. Målet med dagen var å samle aktørane i verdikjeda for grønsaker og poteter for å drøfte høve for å auke produksjonen i Rogaland. Programmet besto av foredrag og ein diskusjon i plenum for å finne ut om det var grunnlag og interesse for ei grønsaksatsing i Rogaland. Det var i underkant av 40 personar frå heile verdikjeda til stades, og det var spesielt flott å sjå at forholdsvis mange produsentar var med. 

Helse og miljø

Blomkål
(Foto: Eli Munkeby Serigstad)

I foredraga kom det fram at forbrukarane er meir og meir opptekne av helse og sunn mat, noko som og syner att i den store auken i forbruk av grønsaker og bær dei siste 10 åra. Potetkonsumet er eit unntak her. Likevel er det plass til meir grønsaker i kosthaldet vårt, særleg når det gjeld barn og unge i barnehagar og på skolar. 

Produksjon av grønsaker og poteter har og eit positivt miljøaspekt. Det krev mindre areal og slepp ut mindre CO2 per kg produkt enn animalsk produksjon. Slik sett bidrar det til ein betre balanse i miljørekneskapen for matproduksjonen i landet. Men utfordringane for produsentar av poteter og grønsaker er likevel tydelege. Det er krevjande å produsere nok varer med riktig kvalitet på ein berekraftig måte. Vekslande vêrforhold og skadedyr- og ugrasproblematikken er nokre av elementa som spelar med her. 

Meir import
«Totaloversikten Frisk frukt, bær, grønnsaker og poteter (2004-2013)» viser at stadig meir av det vi kjøper av grønsaker og poteter blir importert. Her kan det liggje moglegheiter for norske produsentar å levere meir til heimemarknaden og dermed ta ein større marknadsdel. Grossistleddet er oppteke av å levere butikkane det som forbrukarane vil ha. Dei vil bidra til å auke delen av norsk i grønsaksdisken, men dette er noko som heile verdikjeda må gå inn for. Meir norskproduserte grønsaker og poteter til befolkninga er eit felles ansvar. Riktig prisdanning, føreseieleg vareleveranse og eksponering og at varene er tilgjengelege i butikken er viktige element her.  

Etterspørselen etter grønsaker og poteter er forresten ikkje lik over heile landet. I nokre regionar er pris avgjerande, medan i andre betyr det meir at varene er norske. Og kvalitetskrava til produkta er også ulik frå region til region. Dette utfordrar aktørane i verdikjeda ytterlegare. 

Dagen blei avslutta med ein diskusjon kor det var stort engasjement og mange gode innspel. «Vi kan i dag konkludere med at det er vilje i Rogaland til å produsere meir grønsaker. Dagen viser og at det er grunnlag for å setje i verk fleire tiltak for å få til auka produksjon, men kva slags – det kjem vi tilbake til,» sa Geir Skadberg, assisterande landbruksdirektør i Rogaland. 

Kontaktperson: Aart van Zanten Magnussen tlf. 51 56 89 63.