Mat: Låg potetavling i 2007
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nyheit | Dato: 30.04.2008 | Sist oppdatert: 06.05.2008
Mat: Førebelse tal for potet- og grovfôravlingar for 2007 syner at potetavlinga i 2007 var 16 prosent lågare enn året før.
Mat: Førebelse tal for potet- og grovfôravlingar for 2007 syner at potetavlinga i 2007 var 16 prosent lågare enn året før.
Statistisk Sentralbyrå (SSB) har lagt fram nye førebelse tal for potet- og grovfôravlingar. Tala syner at potetavlinga i 2007 var om lag 318 400 tonn, ein nedgang på knapt 16 prosent frå året før. Avlinga per dekar var 2 267 kilo i 2007, mot 2 581 kilo i gjennomsnitt per år i perioden 2002-2006.
Hedmark er potetfylke nummer ein
For 2007 vart det produsert 132.000 tonn poteter i Hedmark fylke. På andreplass i produksjonstoppen for potet låg Vestfold med 30.300 tonn potet og på tredjeplass Nord-Trøndelag med 30.300 tonn potet. Lågast i landet på produksjon av potet er fylka i nord.
Mat: Førebelse tal for potet- og grovfôravlingar for 2007 syner at potetavlinga i 2007 var 16 prosent lågare enn året før.