Fører vidare den offensive skogpolitikken
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet
Nysatsing på økt avvirking i kystskogbruket
Pressemelding | Dato: 05.10.2007
- Skogen si viktige rolle i klimasamanheng skal framhevast, og vi vil arbeide aktivt for å auke dei positive gevinstane av å plante skog og bruke trevirke, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
- Skogen si viktige rolle i klimasamanheng skal framhevast, og vi vil arbeide aktivt for å auke dei positive gevinstane av å plante skog og bruke trevirke, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
I klimameldinga som blei lagt fram i 2007, vil regjeringa mellom anna leggje til rette for auka skogplanting og skogkultur for auka skogproduksjon. Regjeringa vil vidare sikre målretta og koordinert verkemiddelbruk for auka bruk av bioenergi med inntil 14 TWh innan 2020. Regjeringa vil også auke innsatsen for å skaffe fram kunnskap om korleis klimaet påverkar skogen. Dette gjeld både til byggeformål og som energi. Avgiftsauken på fyringsolje og merka diesel, som motsvarar ein auke i energipris på om lag 5 øre per kWt, vil også relativt sett styrke konkurranseevna for biobrensel og biodrivstoff og slik sett skape nye kommersielle høve for skogsektoren.
- Nettopp derfor er det eit godt klimatiltak å heve avgifta på fyringsolje, seier Riis-Johansen.
Regjeringa vil føre vidare den offensive skogpolitikken som blei innført i 2007 innanfor rammene av norske miljømål og. Dei økonomiske verkemidla som blir sett inn i 2008, vil vere på om lag same nivå som i 2007. Grunnstamma i verkemiddelbruken er skogfond, tilskotta til nærings- og miljøtiltak, tilskott til skogbruksplanlegging, bioenergitiltak og tiltak for auka bruk av tre.
- Det er derfor viktig at fylka nå prioriterer skogkultur og ungskogpleie, både av omsyn til den framtidige verdiskapinga og fordi skogen har ei viktig rolle for å møte klimautfordringane, seier landbruks- og matminister Terje Riis-Johansen.
Regjeringa støtter arbeidet knytt til skogbruk i kyststrok med 5 millionar kroner.