Historisk arkiv

Staten tilbyr 7 prosent, eller 17.000 kr pr årsverk

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Landbruks- og matdepartementet

Jordbruksoppgjeret 2011:

Staten tilbyr jordbruket ei inntektsramme som gir grunnlag for ein inntektsvekst på 7 prosent i 2012, eller 17.000 kr pr årsverk i høve til 2011 før årets oppgjer.

Staten tilbyr jordbruket ei inntektsramme som gir grunnlag for ein inntektsvekst på 7 prosent i 2012, eller 17.000 kr pr årsverk i høve til 2011 før årets oppgjer.

- Tilbodet frå staten gir god inntektsutvikling for bøndene, og vi prioriterer spesielt husdyrhaldet i distrikta. Tilbodet tek omsyn til svakare inntektsutvikling i jordbruket fra 2006 til 2011 enn det partane la til grunn for avtalen i 2010. Prisendringane for forbrukerane vil bli på om lag 0,7 prosent, seier statens forhandlingsleiar Leif Forsell. Han strekar under at statens tilbod har ein god miljøprofil.

      Statens forhandlingsleiar, ekspedisjonssjef Leif Forsell.
Statens forhandlingsleiar, ekspedisjonssjef Leif Forsell. Foto: Torbjørn Tandberg

Prisauke
Staten gjer framlegg om at målprisane på jordbruksråvarer skal auke med 535 millionar kroner. Effekten på forbrukarprisane kan bli om lag 1,6 prosent på mjølkeprodukt og egg, 1,1 prosent på kjøt, ein kvart prosent på brød og kornprodukt, 0,6 prosent på frukt, poteter og grønnsaker, som følgje av dette tilbodet. Staten vil styrke opplysnings-arbeidet for frukt og grønt.

Auka løyvingar over statsbudsjettet
For tiltak over statsbudsjettet gjer staten framlegg om å prioritere direkte tilskott til bøndene. Det blir lagt vekt på å styrke økonomien i mjølkeproduksjonen og det distrikts- og grasbaserte husdyrhaldet. Samla løyving over statsbudsjettet aukar med 315 millioner kroner. Omdisponering innanfor budsjettet gjer det likevel mogeleg å auke løyvingane til areal- og kulturlandskapstilskott, husdyrtilskott, driftstilskott og beitetilskott med om lag 435 mill. kroner.

Investeringstiltak
- For ungdom som vil satse i landbruket, har både høve til god inntekt og gode velferdsordningar mykje å seie. Dette tilbodet gir betre investeringsordningar for jordbruket og velferdsordningane blir styrkt, seier Leif Forsell.

Miljøtiltak og økologisk jordbruk
Løyvingane til miljøtiltak blir foreslått auka med om lag 170 millioner kroner. Staten foreslår forsterking av innsatsen for kulturlandskapet, regionale miljøprogram, og den kommunale ordninga med spesielle tiltak i jordbrukets kulturlandskap. Staten gjer framlegg om å styrke utviklingstiltaka innan økologisk jordbruk.

Finansiering av medlemsavgift til folketrygda
Jordbruksavtalen har hatt ei løyving til folketrygda, for å dekke skilnaden mellom ordinær trygdeavgift og mellomsats, som bønder betalar. Denne løyvinga har vore lågare enn den verkelege skilnaden. Statens forhandlingsutval har lagt eit brev frå finansministeren til grunn for tilbodet. I brevet blir det varsla forslag om å heve trygdeavgifta for næringsinntekt i jord- og skogbruk til ordinær sats frå 2012. Det skal samstundes fremjast forslag om å auke jordbruksfrådraget ved likninga. Løyvinga til folketrygda frå jordbruksavtalen er omdisponert til inntektsgjevande tiltak, slik at jordbruket ikkje tapar på omlegginga av systemet.

Tabell 1. Finansiering av tilbodet
Tabell 2. Målprisendringar fra 1.7.11
Tabell 3. Endringar i løyvingar til gjennomføring av jordbruksavtalen
Tabell 4. Berekna utslag på referansebruka av pris- og tilskottsendringar, inkl. anslått kostnadsendring til 2012

Ann Merete Furuberg, Nils T. Bjørke og Leif Forsell
Fra v.: Leder i Norsk bonde- og småbrukarlag, Ann Merete Furuberg og Leder i Norges bondelag, Nils T. Bjørke mottar Statens tilbud fra Statens forhandlingsleder Leif Forsell. Foto: Landbruks- og matdepartementet.