Pressestipend for Erik Solheim si reise til Kina 30.juni til 4. juli
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Nyhet | Dato: 16.05.2008
Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim vitjar Kina og Seoul 30. juni til 4. juli. Han skal blant anna åpne Noreg sitt nye konsulat i Guangzhou, møte Kinas miljøvernminister og underteikne ein miljøavtale mellom dei to landa, vitje kullprovinsen Shanxi og ha samtalar med den sør-koreanske miljøvernministeren om klimaspørsmål.
For å stimulere til auka informasjon og debatt om samarbeid om miljø- og utvikling, lyser Miljøverndepartementet ut stipend for journalistar som ynskjer å delta på heile eller delar av reisa. Det vil bli avkrevd rapport frå reportasjereisa og rekneskap.
Pressestipendet er på kroner 20 000,-.
Kontakt: Kommunikasjonssjef Jon Berg, tlf. 905 69 495
Frist for søknad: 23/5.
Send kort søknad til jon.berg@md.dep.no