Regjeringspartia er i Stortinget einige om enkelte endringar i teksta i den nye markalova. Dette lager rammar for korleis Markaloven skal forvaltast. - Energi- og miljøkomiteen har gjort ein god jobb. Det er bra at ein historisk lov for friluftslivet no vert vedteken. Eg meiner at dei endringane som Stortinget gjer i Markalova er fullt ut akseptable, seier statssekretær Heidi Sørensen i Miljøverndepartementet.

Det har aldri vore meininga at idretten skulle få dårlegare vilkår i Marka enn i dag, og då er det greit at dette blir presisert i lova. Det same gjeld endringa om at landbruket ikkje skal vere omfatta av markalova.

Sørensen reknar med at dette vil føre med seg at lova får breidere tilslutning.

- Viktige prinsipp i lova står fast, seier Sørensen. Ho peiker på at markagrensa skal lovfestast og at det blir hjemmel til særskild vern av friluftsområder i Marka. Dessutan skal det vere ein heilskapleg forvaltning ved at klagehandsaminga av alle typer saker blir samla hos fylkesmannen i Oslo og Akershus.