Historisk arkiv

FN sin generalsekretær til Svalbard med Solheim

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

FN sin generalsekretær Ban Ki-moon med ektefelle vitjar Noreg, inkludert Svalbard, frå 30. august til 2. september. Det offisielle programmet blir innleia måndag 31. august. Forutan audiens med HM Kong Harald på Det Kongelege Slott, vil FN sin generalsekretær ha møter med statsminister Jens Stoltenberg, utanriksminister Jonas Gahr Støre, stortingspresident Thorbjørn Jagland samt Stortinget sin utanrikskomité.

Generalsekretæren med fylgje reiser etter det til Svalbard saman med miljø- og utviklingsminister Erik Solheim og til iskanten på 81 grader nord 1. september.

Føremålet er å bli oppdatert på klimaendringar i Arktis av forskarar og ved eige oppleving skaffe seg den beste førehandskunnskap før dei avgjerande klimaforhandlingane i København i desember. FN sin generalsekretær Ban Ki-moon vil saman med miljø- og utviklingsminister Erik Solheim delta på eit miniseminar 2. september i Longyearbyen.

-Forskarane ser allereie klåre teikn på at oppvarminga av Arktis set fart i både smeltinga av Grønlands-isen og havisen, men også indikasjonar på at utsleppa av klimagassen metan frå tundraen og havbotnen i Arktis auker. Dette auker faren for brå og farlege klimaendringar, og kan gje betydeleg raskare havnivåstigning enn det FN sitt klimapanel la til grunn i 2007, seier Erik Solheim.

Auken av havnivået vil ha katastrofale fylgjer for mange små øystatar og lågtliggjande områder med store befolkningsgrupper. På same måte vil nedsmelting av høgtliggjande isbrear i område som Himalaya og Andes ha store negative konsekvensar for vannforsyninga og matproduksjonen, og ha økonomiske ringverknader for millioner av menneske. Smelting av brear, snø og is angår difor ikkje berre Arktis, men heile verda, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim.

-FN sin generalsekretær Ban Ki-moon har ein viktig rolle i å formidle sine inntrykk og bodskap til verdas leiarar og bringe dem saman i klimaforhandlingane. På denne måten vil vi frå norsk side gje FN sin generalsekretær vår beste politiske drahjelp til det krevjande arbeidet med å få på plass ein ny global klimaavtale i København.