Ny avtale mot miljøgifter
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 11.05.2009
Ytterlegare ni farlege miljøgifter er no beslutta inkludert i Stockholmkonvensjonen, som forbyr og regulerer produksjon, bruk og utslepp av miljøgifter globalt.
Ytterlegare ni farlege miljøgifter er no beslutta inkludert i Stockholmkonvensjonen, som forbyr og regulerer produksjon, bruk og utslepp av miljøgifter globalt.
- Dette er eit stort fremsteg i den globale reguleringa av miljøgifter. Omfattande og effektive internasjonale reguleringar er avgjerande for å kjempe mot trusselen frå miljøgifter, seier miljøvernminister Erik Solheim.
Stockholmkonvensjonen om organiske miljøgifter er den viktigaste avtalen for å regulere miljøgifter globalt. Den trådte i kraft i 2004 og fleire enn 160 land har ratifisert avtalen. Konvensjonens fjerde partsmøte blei heldt forrige veke (4. - 8. mai 2009).
Stockholmkonvensjonen omfatta i utgangspunktet tolv organiske miljøgifter, blant anna DDT, PCB og dioksiner. Ytterlegere ni stoffer er no tatt inn i avtalen, blant anna dei bromerte flammehemmarane penta-BDE og okta-BDE, plantevernmiddelet lindan og den perfluorerte forbindelsen PFOS. Noreg har arbeida aktivt for å inkludera alle stoffane, og forslaget om globalt forbud mot penta-BDE blei fremma av Noreg.
Andre viktige framsteg på partsmøtet var avgjerda om styrka samarbeid med Basel-konvensjonen som regulerer farleg avfall og Rotterdam-konvensjonen om global handel med farlege kjemikaliar. Partsmøtet har også etablert ein basis for framtidig miljøgiftsovervaking. Det globale overvakingsprogrammet skal halde fram, og sørgje for at utviklinga i nivåane av miljøgifter blir fulgt framover.
Fakta:
Miljøgifter er giftege, tungt nedbrytbare og blir konsentrert oppover i næringskjeda. Dei blir til dømes tatt opp i fisk, og havnar med det i maten vi et. Mange av stoffane kan transporterast med luft- og havstrømmer langt frå utslippskjeldane. Miljøgifta utgjer særleg ein trussel for artar høgt i næringskjeda, slik som isbjørn, polarmåke og spekkhoggare. Også befolkningsgrupper som har sjøpattedyr som ein vesentleg del av sin diett er utsett. Når miljøgifter fyrst har havna i naturen tek det lång tid før nivåane blir minska igjen sjølv om utsleppa blir stansa.