Historisk arkiv

Herand er Noregs kandidat til Europarådets landskapspris 2011

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet har valt Herand til å vere Noregs kandidat til den europeiske landskapsprisen 2011.

Kulturlandskap i Herand. Foto: Victor Jensen.
Kulturlandskap i Herand. Foto: Victor Jensen.

Miljøverndepartementet har valt Herand til å vere Noregs kandidat til den europeiske landskapsprisen 2011.

Av de forslaga som Miljøverndepartementet fekk, utpeikte Herand i Jondal kommune i Hordaland seg ved å oppfylle kriteria best.

Bygdefolka i Herand har gjennom mange år jobba målrette med å halde ved like det unike Hardangerlandskapet, mellom anna gjennom Hardanger landskapspark.

Herand er eit godt døme på å jobbe i tråd med den europeiske landskapskonvensjonen sine mål.

Les meir på heimesida til Fylkesmannen i Hordaland