Historisk arkiv

Tre millionar kroner til rovviltsatsing i Flå

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøverndepartementet løyver tre millionar kroner til rovviltsatsing i Flå i Hallingdal. Føremålet er å auke kunnskapen om rovvilt blant folk flest, kommunar, medlemer av rovviltnemndene, lisensjegerar og skadefellingslag.

Ein million kroner skal brukast til eit læringssenter om rovvilt i tilknyting til Bjørneparken i Flå. 1,2 millionar kroner er stønad til eit kurssenter som Norges Jeger- og Fiskerforbund etablerer same stad. I tillegg går 0,8 millioner kroner til ei eiga naturrettleiarstilling i Statens naturoppsyn med rovvilt som hovudoppgåve.

 Bjarne oppegård,Heidi Sørensen og Espen Farstad. Foto: Håvard Skjerstad Andersen

Statssekretær Heidi Sørensen flankert av generalsekretær Bjarne Oppegård og informasjonssjef Espen Farstad i Norges Jeger- og fiskerforbund som har fått støtte fra Miljøverndepartementet til kursvirksomhet om rovvilt i Flå. (Håvard Skjerstad Andersen)

Rovviltforliket framhevar kor viktig det er med kursing og opplæring om rovvilt samtidig som ein aukar kunnskapen i befolkninga. Miljøverndepartementet si satsing er ei oppfølging av dette punktet i forliket.

–Eg vil byggje opp ordningar som ivaretek behovet for opplæring og informasjon om rovvilt. Vi treng ei felles plattform der vi samordnar informasjon og kurs- og rettleiingstenester. Samtidig er det heilt naudsynt å etablere knutepunkt der vi kan gje kommunale skadefellingslag og andre brukargrupper eit kvalifisert opplæringstilbod, seier statssekretær Heidi Sørensen.

I Flå er det teke fleire gode initiativ for å utvikle informasjon, kursverksemd og rettleiingstenester om rovvilt. Norges Jeger- og Fiskerforbund sluttfører nå arbeidet med eit eige kurssenter i Flå, og Miljøverndepartementet gjev 1,2 millionar kroner til dette arbeidet. Senteret skal mellom anna drive opplæring i felling og søk etter skadd rovvilt.

Vidare skal det etablerast eit rovdyrsenter i tilknyting til Bjørneparken i Flå. Dette skal bli ein kunnskapsbase og ein læringsstad om rovvilt i norsk natur. Miljøverndepartementet gjev ein million kroner til dette arbeidet. I tillegg vil det bli etablert ei eiga naturrettleiiarstilling i Statens naturoppsyn med rovvilt som sentral oppgåve. Denne skal lokaliserast i Flå.

–Ein kombinasjon av kurssenteret til Norges Jeger og Fiskerforbund, rovdyrsenteret ved Bjørneparken og naturrettleiing i regi av Statens naturoppsyn er eit svært godt utgangspunkt for å følge opp det nye rovviltforliket, seier statssekretær Heidi Sørensen. 
Det blir parallelt arbeidd med ei eiga sertifiseringsordning for nasjonale rovviltsenter. Målet er å etablere fleire slike knutepunkt.

Miljø- og utviklingsminister Erik Solheim var i august på vitjing i Namsskogan familiepark og støtta den vidare satsinga på informasjon og kursverksemd med ein million kroner.

–I Namsskogan familiepark har dei gjort ein svært god jobb på kort tid. Tilbodet til femteklassingane i området om å delta på rovdyrskulen er særleg populært. Det er viktig for meg å byggje opp under det gode arbeidet i Namsskogan familiepark og satse vidare på formidling av rovviltinformasjon til barn og unge, seier statssekretær Heidi Sørensen.