Vil sjå på reguleringsplan for Plogveien 33 på Raufoss
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 21.09.2011
Miljøverndepartementet har 21. september 2011 avgjort å føreta ei nærare vurdering av Vestre Toten kommune sitt vedtak av reguleringsplan for Plogveien 33 på Raufoss i Vestre Toten kommune.
Miljøverndepartementet har 21. september 2011 avgjort å føreta ei nærare vurdering av Vestre Toten kommune sitt vedtak av reguleringsplan for Plogveien 33 på Raufoss i Vestre Toten kommune.
Bakgrunnen er at reguleringsplanen legg opp til å byggje bustader i eit område med verdifull slåttemark. Departementet vil vurdere om det er aktuelt å oppheve reguleringsplanen eller endra den, slik plan- og bygningslova gir moglegheit for.
Departementet har samstundes gitt Fylkesmannen i Oppland fullmakt til å leggje ned mellombels byggje- og deleforbod for planområdet, hvis dette blir ansett som naudsynt.
Før departementet fattar avgjerd i saka, vil det bli gjort ei grundig vurdering etter alt å døme med synfaring og møte.