Vilje til kompromiss på klimamøte i Pretoria
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgiver: Miljøverndepartementet
Nyhet | Dato: 09.09.2011
Blant dei mest ivrige industrilanda i klimaforhandlingane er det no semje om å arbeide vidare for eit kompromiss på det neste store ministermøtet i Durban i Sør-Afrika i desember. Det kom fram på eit møte som Noreg arrangerte torsdag i hovudstaden Pretoria.
I samband med det uformelle ministermøtet om klima i Pretoria, inviterte Noreg til eit eige møte om Kyotoprotokollen. Dei som deltok var EU-kommisjonen, Storbritannia, Frankrike, Sveits, Australia, New Zealand, Tyskland og Sverige. Dette er land som blir rekna som progressive i klimaforhandlingane.
-Dette var eit veldig konstruktivt møte, der viljen til kompromiss er stor. Samstundes blir det understreka at også andre store utsleppsland må delta i ein framtidig avtale, seier miljø- og utviklingsminister Erik Solheim, som leia møtet.
Under møtet fekk Noreg i oppgåve å leie ei arbeidsgruppe som på kort tid skal snekre saman eit forslag til kompromiss om Kyotoprotokollen. Føremålet er å få fleire land med på ei løysing for Kyotoprotokollen som kan kombinerast med ein avtale som også omfattar store utsleppsland som USA og Kina.
På møtet tok fleire også til orde for at det komande ministermøtet i Durban må bli eit afrikansk klimamøte, der dei spesielle klimaproblema i denne verdsdelen blir tekne opp.
Om lag 40 land var representerte på møtet i Pretoria, 20 av dei med ministrar. Erik Solheim var beden om å halde ei innleiing om kjelder til finansiering av klimatiltak i utviklingslingsland.
Solheim viste til vedtaket i Cancun i Mexico i fjor om at industrilanda skal mobilisere 100 milliardar dollar til utviklingslanda innan 2020. Ein del av pengane skal setjast i eit grønt klimafond. Noreg leiar utforminga av strukturen for oppsettet av det grøne klimafondet, saman med Mexico og Sør-Afrika.
-Det er naudsynt å få på plass dette byggverket, men det trengs sjølvsagt også pengar. Utan pengar blir det som å ha ein skule utan elevar eller eit sjukehus utan pasientar, sa Solheim.
Han sa han har ein pragmatisk haldning til korleis pengane skal kome inn, og ønskjer ei sterkt innslag av private pengar. Han nemnde også moglegheiten for å få pengar til dømes frå avgifter på bunkersolje i internasjonal skipsfart, valutahandel og flytrafikk.
-I tillegg kjem den offentlege utviklingshjelpa. Noreg og Sverige er i ei særstilling, i og med at vi gir ein prosent av bruttonasjonalproduktet. Vi ønskjer at andre land følgjer etter, sa Solheim.