Dei norske klimagassutsleppa vart reduserte med 2,3 prosent frå 2010 til 2011. –Utsleppa har stabilisert seg, men dei skal vidare ned. Derfor er det bra at vi har lagt fram ein offensiv klimamelding med ei rekkje tiltak, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Utsleppa har gått ned i alle sektorar samstundes som brutto nasjonalprodukt i Noreg har vakse med 1,6 prosent. Hovudårsaka til nedgangen siste år er redusert olje- og gassproduksjon, mindre oljefyring og lågare produksjon av gasskraft. Samla utslepp var 52,7 millionar tonn i 2011.

Klimagassutsleppa er lågare enn regjeringa såg føre seg i 2007 då den førre klimameldinga kom. Ved sidan av klimapolitikken medverkar til dømes finanskrisa, oljeprisen og andre tilhøve inn på klimagassutsleppa frå år til år. Over litt tid ser vi at utsleppa er i ferd med å stabilisere seg.

I samband med den førre klimameldinga vart utsleppa i 2010 anslått til å bli 59,2 millionar tonn CO2-ekvivalentar (alle klimagassar omrekna til CO2). No viser tala frå Statistisk sentralbyrå og Klima- og forureiningsdirektoratet at utsleppa i 2010 vart 53,9 millionar tonn og i 2011 vart dei 52,7 millionar tonn. Utsleppa i 2011 var dei lågaste sidan 1995, med unnatak av finanskriseåret 2009.