Historisk arkiv

–Nokon må gå føre i klimaforhandlingane

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell heldt innlegg på eit internasjonalt klimamøte hos Klima- og forureiningsdirektoratet fredag, i lag med klima- og forureiningsdirektør Ellen Hambro.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell heldt innlegg på eit internasjonalt klimamøte hos Klima- og forureiningsdirektoratet fredag, i lag med klima- og forureiningsdirektør Ellen Hambro (biletet).

På møtet deltok klimaforhandlarar, forskarar og representantar for frivillige organisasjonar for å diskutere korleis ein kan kome vidare i arbeidet med ein ny klimaavtale. Det var deltakarar frå om lag 30 land.

Solhjell streka under at nokon land må gå føre i klimaforhandlingane, spreie nye idear og teste ut verkemiddel dersom det skal bli framgang i prosessen.

–Gjennom slike forhandlingsprosessar blir det knytt band mellom folk, det bringar inn tillit som igjen påverkar prosessen. Vi som politikarar må avgjere grunnlaget og retninga, men de som forhandlarar må finne ut korleis vi skal kome dit. Ideen bak dette møtet er at folk blir kjent med kvarandre og forstår grunnlaget for den nye avtalen litt betre. At vi kan bringe forskarar og folk frå miljøorganisasjonar saman med forhandlarar skapar også grunnlag for framgang, sa Solhjell. 

Samlinga i Oslo var eit uformelt møte for å diskutere premissa og hovudspørsmåla til avtalen som vart  framforhandla i Durban i desember.