Laurdag delte miljøvernminister Bård Vegar Solhjell ut Olavsrosa til garden Amperhaugen i Sollia i Hedmark. Garden får utmerkinga fordi den kombinerer bevaring av eit flott kulturminne med levande kulturformidling.

Det var ein stolt eigar Jo Øvergaard som mottok Olavsrosa og diplom av miljøvernministeren. Olavsrosa er Norsk Kulturarv sitt heidersmerke til stader som tek vare på og formidlar kulturarv av høg kvalitet.

 -Kulturminna omgjev oss overalt og er ein del av kvardagen vår. Men dei må takast vare på. Derfor skal vi vere takksame overfor dei som bruker tid og krefter, som Jo Øvergaard, på å ta vare på desse kulturminna, sa Solhjell da han overrekte utmerkinga.

Fleire hundre personar hadde funne vegen til Amperhaugen laurdag, i strålande seinsommarvêr. Garden ligg ved Atnabrua i Sollia, og har vært eit viktig sted for gardsdrift og overnatting for reisande sidan starten på 1700-tallet. Garden er ein arena for formidling av bygningstradisjonar og bygdekultur i Østerdalen. Garden er verneverdig, både i seg sjølv og som ein del av bygningsmiljøet i Atnlia. 

Les meir om Amperhaugen og Olavsrosa på Norsk Kulturarv sine heimesider.

Eigar Jo Øvergaard mottok Olavsrosa og diplom av miljøvernministeren.

Eigar Jo Øvergaard mottok Olavsrosa og diplom av miljøvernministeren.