Historisk arkiv

Solhjell i Doha: Det hastar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

-Vitskapen seier oss at dei menneskeskapte klimaendringane allereie er i gang, og det skjer raskare enn vi trudde. Det hastar å gjere noko med klimagassutsleppa. Dette sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i sitt innlegg i klimaforhandlingane i Doha i Qatar i dag.

-Vitskapen seier oss at dei menneskeskapte klimaendringane allereie er i gang, og det skjer raskare enn vi trudde. Det hastar å gjere noko med klimagassutsleppa. Dette sa miljøvernminister Bård Vegar Solhjell i sitt innlegg i klimaforhandlingane i Doha i Qatar i dag.

Bård Vegar Solhjell har fått ei spesiell oppgåve her i Doha. Saman med Brasil sin klimautsending skal han freiste å mekle mellom landa for å få i hamn ein oppfølgjer av Kyoto-avtalen. Det er sterk usemje om dette i Doha, og Solhjell samtalar no med ei rekkje nøkkelland.

I sin tale viste Solhjell til ein ny rapport frå FN sitt miljøorgan, UNEP som blei lagt fram no nyleg. Den skildrar eit stort gap mellom det som er naudsynt for å nå 2-gradarsmålet og det som blei lova av landa i København-avtala.

-Vi treng ein internasjonal dugnad, at alle land auker si innsats. Noreg ønskjer framgang spesielt innan det å ta vare på regnskogen, svart karbon (mellom anna sot frå brenselomner) og reduserte subsidiar til fossilt drivstoff, sa Solhjell.

Han sa vidare at verda no kollektivt må mobilisere pengar til klimatiltak. Han sa at Noreg har auka sine bidrag til utviklingslanda kraftig dei seinaste åra, mesteparten til å ta vare på regnskogen for å redusera klimagassutsleppa. Men også til energi og tilpasning til klimaendringane.

- I 2013 vil Noreg sitt bidrag for å redde regnskogen for fyrste gong nå 500 millionar dollar årleg, opplyste han.

Solhjell sa vidare at Noreg er klar til å gå med på ein ny Kyoto-avtale, sjølv om berre14 prosent av verda sine utslepp vil bli omfatta av det som kallast Kyoto 2. Solhjell har saman med Brasil si klimautsending fått oppgåva her i Doha med å mekle mellom alla landa for å få i hamn Kyoto 2.

- Vi veit at tida ikkje er på vår side. Det at det hastar må bli orda for ministermøtet i Doha, avslutta Solhjell.

Les heile talen til Solhjell her (pdf).

Bård Vegar Solhjell held sitt innlegg på ministersekvensen i Doha (Foto: Jon Berg)