Historisk arkiv

Miljødirektoratet er oppretta

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Frå 1. juli er Direktoratet for naturforvalting og Klima- og forureiningsdirektoratet slått saman til det nye Miljødirektoratet. Direktoratet overtek oppgåver og ansvar frå dei to tidlegare direktorata, og vil vere plassert både i Oslo og Trondheim.

–Eg gratulerer det nye Miljødirektoratet med dagen. Direktoratet blir den viktigaste samarbeidspartnaren for å setje miljøpolitikken ut i livet, seier miljøvernminister Bård Vegar Solhjell.

Klima- og forureiningsdirektoratet har hatt ansvar for mellom anna klima, regulering av utslepp frå industri, miljøgifter og avfall. Direktoratet for naturforvalting har hatt ansvar for naturmangfaldet av planter, dyr og landskap. Mange av desse ansvarsområda heng nøye saman, og det er bakgrunnen for samanslåinga til eitt miljødirektorat.

–Eg har 4 viktige forventningar til Miljødirektoratet: Det må vere heilskapleg, tydeleg, tilgjengeleg og fagleg. Heilskapleg i form av å sjå samanhengen i miljøutfordringane og ta heilskaplege omsyn. Tydeleg i form av å gje klåre råd. Tilgjengeleg i form av å vere ein stad der kommunar, bedrifter og andre brukarar kan vende seg. Og fagleg ved å bygge opp eit nytt sterkt fagmiljø med det beste frå Klima- og forureiningsdirektoratet og Direktoratet for naturforvalting, seier Bård Vegar Solhjell.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell åpnet i dag Miljødirektoratet i Trondheim. Foto: Erik Aasheim, MD.
Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell åpnet i dag Miljødirektoratet i Trondheim. Foto: Erik Aasheim, MD.

Ellen Hambro er tilsett som direktør for Miljødirektoratet. Ho var tidlegare direktør for Klima- og forureiningsdirektoratet.

–Dette er ein stor dag, både for oss som samlast under ein paraply i Miljødirektoratet, men også for miljøet. Min ambisjon er at vi blir den viktigaste premissleverandøren for utforminga av miljøpolitikken i Noreg, seier miljødirektør Ellen Hambro.

Les meir på Miljødirektoratets nettstad
www.miljødirektoratet.no

Den nye logoen til Miljødirektoratet
Den nye logoen til Miljødirektoratet
Miljødirektoratets bygg i Oslo, Strømsveien 96. (Foto: Miljødirektoratet.)
Miljødirektoratets bygg i Oslo, Strømsveien 96. (Foto: Miljødirektoratet.)