Reguleringsplan for Engebøfjellet – behov for tilleggsinformasjon
Historisk arkiv
Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II
Utgjevar: Miljøverndepartementet
Nyheit | Dato: 13.03.2013
Det ligg ikkje føre tilstrekkeleg grunnlag til å treffe avgjerd i Engebøsaka. Miljøverndepartementet kan difor ikkje godkjenne reguleringsplanen eller gje utsleppsløyve etter forureiningslova.
Det ligg ikkje føre tilstrekkeleg grunnlag til å treffe avgjerd i Engebøsaka. Miljøverndepartementet kan difor ikkje godkjenne reguleringsplanen eller gje utsleppsløyve etter forureiningslova. Miljøverndepartementet meiner det er behov for meir kunnskap om det planlagde sjødeponiet før vi kan ta stilling til motsegna til reguleringsplanen og søknad om utsleppsløyve etter forureiningslova.
Miljøverndepartementet ber om ytterlegare opplysningar ut i frå at saka ikkje kan avgjerast av departementet før det ligg føre kartlegging av strømmingsmønsteret i fjorden og ei grundigare vurdering av risiko for spreiing av finpartiklar, samt enkelte andre tilhøve. Desse tilhøva omfattar noko meir kunnskap om naturmangfaldet i deponiområdet, effektar av sprenging på fisk og informasjon om bruk av ferskvatn.
Miljøverndepartementet vil slutthandsame saka umiddelbart etter at resultatet av desse undersøkingane ligg føre.
Sjå heile brevet som er sendt til Naustdal og Askvoll kommunar og Nordic Mining.