Historisk arkiv

Skal vurdere bruk av plotthund i skadefelling

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Nord-Fron kommune ønsker å bruke plotthund under forsøk på skadefelling av ulv i Gudbrandsdalen. Dette er avslått av Miljødirektoratet, men eg har opna for å sjå på saka på nytt.

Nord-Fron kommune ønsker å bruke plotthund under forsøk på skadefelling av ulv i Gudbrandsdalen. Dette er avslått av Miljødirektoratet, men eg har opna for å sjå på saka på nytt.

Saka vart tatt opp med meg då eg møtte ordførarar og folk frå beitenæringa på Vinstra laurdag 6. juli. Eg sa då at eg ville trekke inn Statens naturoppsyn og ekspertar på bruk av slik hund frå Sverige. Dei skal vurdere om bruk av plotthund er hensiktsmessig.

Dersom dei vurderer at det er hensiktsmessig, skal bruk av hund verte tillate i denne saka. Det er altså ikkje førebels gitt nokon dispensasjon, slik ein kan få inntrykk av i nokre medium.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell