Historisk arkiv

Innlegg: Vi skal ha ulv i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgjevar: Miljøverndepartementet

Østlendingen 06.11.12

Rovdyra er ein sjølvsagt del av norsk natur. Gjennom langsiktig arbeid har vi fått ulven tilbake, etter at han i praksis var utrydda. No er det brei politisk einigheit om at vi skal ha ulv i Noreg. Samstundes skal vi ta vare på beitenæringa.

Rovdyra er ein sjølvsagt del av norsk natur. Gjennom langsiktig arbeid har vi fått ulven tilbake, etter at han i praksis var utrydda. No er det brei politisk einigheit om at vi skal ha ulv i Noreg. Samstundes skal vi ta vare på beitenæringa.

Eg set pris på engasjementet som Bygdefolk for Rovdyr viser i innlegget i Østlendingen 31. oktober, og vil understreke at Noreg har forplikta seg til å sikre overlevinga av alle dei store rovviltartane. Men både Bern-konvensjonen og naturmangfaldloven opnar for at vi kan felle ulv for å hindre skade på beitedyr. Felling er berre tillate dersom det ikkje trugar overlevinga av bestanden og andre tiltak ikkje er mogeleg.

Den samla kvoten som rovviltnemndene har sett for lisensfelling i år er høg, men ikkje så høg at den trugar bestandsmålet på tre årlege ynglingar av ulv innanfor ulvesonen. I vurderinga har vi teke omsyn til dei tapa og skadane som har oppstått i årets beitesesong.

Rovviltnemndenes oppgåve er å forvalte nasjonal rovviltpolitikk basert på biologisk kunnskap. Nemndene er oppnemnd av Miljøverndepartementet etter forslag frå fylkestinga, eller av Sametinget. Dei har eige sekretariat som er lagt til fylkesmannen. Når nemndene fattar vedtak om til dømes lisensfelling, bygger dei på ei fagleg innstilling frå sekretariatet der det er teke omsyn til biologiske forhold og situasjonen for bestanden.

Det er stor oppslutning om at vi skal ha rovdyr i Noreg. I ei undersøking gjort av Norsk institutt for naturforsking og TNS Gallup frå 2010 svarer 32,6 prosent av folk frå rovdyrkommunar "ja, absolutt" på spørsmål om dei kunne godta å ha ulv i nærleiken av der dei bur. I resten av landet svarar 28,3 prosent det same. I heile landet er det fleire som absolutt kan tenke seg å ha rovdyr i nærleiken, enn dei som absolutt ikkje kan tenke seg det, men spørsmålet er meir polarisert i rovdyrkommunane.

Eg er ikkje så pessimistisk på rovdyras vegner som Bygdefolk mot Rovdyr. Eg trur det er mogeleg å ivareta både rovdyr og beitedyr, og vil gjere mitt for at vi skal få det til.