Historisk arkiv

Innlegg: Vi skal ha ulv i Noreg

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Stoltenberg II

Utgiver: Miljøverndepartementet

Sendt Nationen, Namdalsavisa, Stavanger Aftenblad og Aftenposten Si Det

Kjære Even Hønsen Agerup! Du skriv til meg i Nationen fredag 14. september at du er bekymra for at vi skal utrydde ulven i Noreg. Det har vi ikkje tenkt å gjere.

Eg er heilt samd med deg i at vi skal ha rovdyr her i landet. Sjølv var eg med på gaupemerking i Finnmark i sommar, og det var ei fantastisk oppleving. Rovdyr er skye dyr, og det er ikkje mange som treff dei i naturen. Du er heldig som har fått fotografere alle dei fire store rovdyra.

Alle partia på Stortinget er samde om at vi skal ha ulv, bjørn, jerv og gaupe i Noreg. Det har dei skrive under på i rovviltforliket frå i fjor sommar, og det gjeld framleis.

Rovviltforliket seier at forvaltinga av rovvilt mellom anna skal skje i tråd med Bernkonvensjonen, ein internasjonal avtale som forpliktar Noreg til å sikre overlevinga til alle dei fire store rovviltartene. Vi skal sjå den norske ulvestammen i samanheng med ulven på svensk side, men Noreg har eit sjølvstendig ansvar for å sikre ein levedyktig sørskandinavisk ulvebestand.

I forvaltinga av rovvilt har vi ei todelt målsetting. Vi skal ha plass til både rovvilt og utmarksnæring basert på beite. Det er viktig å satse på førebygging slik at vi minskar konfliktane og reduserer tap av sau og tamrein mest mogeleg. I tillegg vert tap av sau og tamrein tekne av rovvilt erstatta.

Miljøvernminister Bård Vegar Solhjell