Tokke kommune - motsegn til del av
arealdelen til kommuneplan - hyttebygging på
Skafsåheia/Hallbjønnsekken.
Vi viser til fylkesmannen sitt brev
av 4. januar 2006 til Miljøverndepartementet om denne saka.
Saka er i samsvar med § 20 - 5
femte ledd i plan- og bygningslova (pbl.) sendt
Miljøvern-departementet for endeleg avgjerd.
Departementet finn etter ei samla vurdering å ta motsegna
frå fylkesmannen ved miljøvernavdelinga til følgje. Noreg er det
einaste landet i Europa som har intakte økosystem i fjellet med
bestandar av villrein. Gjennom regional planlegging skal villreinen
sikrast leveområde som er store nok og av god nok kvalitet slik at
reinen kan vandre mellom områda. Det er ikkje aktuelt å godkjenne
ny utbygging nær opp til villreinen sine trekkområde så lenge det
ikkje er føretatt naudsynte regionale planavklaringar.
Bakgrunn for saka
Områda i Skafsåheia/Hallbjønnsekken
i Tokke kommune har i dei siste 30 år vore satsingsområde for tung
hyttebygging i kommunen. Allereie i 1964 vart det første
hyttefeltet på Skafsåheia etablert i området mellom Hallbjønnsekken
og Tjønnsviki. I alt er det i dag ca. 90 hytter i dette området. I
1980 vart Hallbjønnsekken servicebygg, hytter og alpinanlegg
etablert, og utover i 1980 og 1990 åra har det vore ei vidare
utbygging av høgstandardhytter på Hallbjønnsekkken.
I førre arealdel til kommuneplan
for Tokke, vedteke 2. mars 1992. var område som det er reist
motsegn mot vist som landbruks-, natur- og friluftsområde
(LNF-område). Våren 2004 vedtok formannskapet i samband med
utarbeiding av ny arealdel å konsekvensutgreie området
Hallbjønnsekken-Tjønnsviki med tanke på vidare utbygging.
Konklusjonen frå konsekvensutgreiinga var å avgrense
utbyggingsområde til R1 og R2, og redusere det spreidde
hytteområdet SH1. Kommunen tok utgreiinga til fylgje og la den til
grunn i framlegget til ny kommuneplan med arealdel for Tokke.
Fylkesmannen ved miljøvernavdelinga reiste i brev
av 6. juli 2005 motsegn til vestre del av område vist som framtidig
område for fritidsbustader vest for områda R3 og R4,
Hallbjønnsekken vest og sør, samt eit område for spreidd
hyttebygging SH7 i LNF-område.
Motsegna er grunna i omsynet til
trekkrutene for villreinen i området. I følgje lokalkjende personar
med villreinfagleg kunnskap var trekket over Kuskar mykje brukt før
riksveg og seinare hytter blei bygd i området. Villreininteressene
i området er i fylgje miljøvernavdelinga dokumentert i
NINA-minirapport nr. 106, som viser at villreinen no nyttar mest
trekkorridoren over Rv 45 som er lengre vest, mellom Store
Bjørnevatn og Kjønnesviksvatnet. NINA sin rapport er utarbeidd på
oppdrag av Tokke kommune, og rapporten viser at ei vidare utbygging
i området vil ha moderat konfliktgrad.
Omsynet til villrein er styrka i
den nasjonale arealpolitikken gjennom St.meld. nr. 21 (2004-2005).
Ei generell innskjerping av arealpolitikken i høve til villrein og
føre-var- prinsippet, gjer at miljøvernavdelinga meiner det ikkje
er riktig å leggje til rette for vidare utbygging som kan ha
moderat negativ verknad for villreintrekket.
Fylkeskommunen uttala seg til arealdelen i brev av
30. juni 2005. Fylkeskommunen finn at kommuneplanen sin arealdel
ikkje inneheld tiltak som har slik innverknad at fylkeskommunen vil
vurdere å reise motsegn mot kommunal eigengodkjenning av
arealdelen.
Tokke kommunestyre handsama saka i møte den 13.
september 2005 og vedtok arealdelen. Då det låg føre motsegn frå
fylkesmannen ved miljøvernavdelinga til byggeområde for hytter vest
for Hallbjønnsekken samt spreidd hyttebygging i LNF-område SH7
Gamasfit, vart planen ikkje gitt rettsverknad for desse områda.
Kommunen peiker på at fram til 1979
var det drift av tamrein i området, men vart så definert som
villreinområde. Det vert vist til at området faktisk vart
omdefinert etter at kommunen og private hadde lagt ned store
ressursar i utvikling av Skafsåheia/ Hallbjønnsekken som
utbyggingsområde.
Kommunen viser til NINA-rapporten
og meiner at fylkesmannen si miljøvernavdeling feiltolkar denne når
det gjeld konsekvensane for villreinen av vidare utbygging ved
Hallbjønnsekken. Det er i rapporten ikkje nytta omgrep som ”moderat
negativ konsekvens”, men ”moderat konfliktgrad”. Det vert og vist
til at området som er lagt ut til utbyggingsområde er eit
eksisterande område som er utbygd med om lag 35 hytter. Området bør
regulerast av omsyn til kloakkering av området, sanering av
avkøyrsler til riksvegen samt fortetting av eksisterande hyttefelt.
Spreidd hytteområde SH7 Gamasfit er monaleg redusera og omfanget
hytter er nå 5.
Tokke kommune meiner at
fylkesmannen ikkje har vektlagt dei ålmenne interessene i
arealplanen med etablering av løypetrasear og kanalisering av
skiutfart ved omlegging av løypetrase til mindre sårbare område ut
frå omsynet til villreinen.
Mekling med synfaring i saka vart halde 3. oktober
2005. Etter ein gjennomgang og diskusjon av saka, blei det
konkludert med at kommunen og miljøvernavdelinga ikkje blei
samde.
Fylkesmannen peikar i sitt oversendingsbrev av 4.
januar 2006 på at han er generelt godt nøgd med arealplanlegginga i
Tokke. Kommunen har justert planane i forhold til signal gitt i
tidleg fase og i løpet av prosessen. Fylkesmannen ser det som
viktig å trekke ei grense for vidare utbygging i motsegnsområdet,
av omsyn til villreinen, og tilrår at område for spreidd
hyttebygging i SH7 Gamasfit blir teken bort.
Når det gjeld byggeområde for
hytter vest for områda R3 og R4, Hallbjønnsekken vest og sør, ser
fylkesmannen at området alt er bygd ut med spreidd hyttebygging,
høgspentliner og vinterbrøyta veg med høge brøytekantar. Det vil
etter fylkesmannen si meining vere eit skjønn om kor langt vestover
vidare utbygging skal kunne tillatast. Fylkesmannen meiner likevel
at det aktuelle området alt er så utbygd at ei vidare utbygging vil
kunne sjåast på som ei fortetting av allereie eksisterande spreidd
utbygde område. Fylkesmannen vil derfor tilrå at del av området
vist som framtidig fritids-bustadutbygging vest for områda R3 og
R4, Hallbjønnsekken vest og sør blir godkjent. Det bør samstundes
bli sett tal for kor mange hytter som skal kunne byggast i
området.
Synfaring i området vart halde 27. april 2006 med
representantar frå kommunen, fylkeskommunen, fylkesmannen,
Direktoratet for naturforvaltning (DN) og Miljøverndepartementet.
Under synfaringa blei det mellom anna peikt på at det frå
Hallbjønnsekken til sørsida av dalen er planlagt eit nytt
vegsystem. Det er ueinigheit mellom kommunen og miljøvernavdelinga
om den formelle status for dette vegsystemet. Miljøvernavdelinga
hevdar at det av teiknforklåringa på det høyringskart dei fekk frå
kommunen gjeng fram at vegsystemet er eksisterande. Det vart
derfor ikkje reist motsegn mot vegsystemet som miljøvernavdelinga
ser som uheldig for villreintrekket. Kommunen meiner at
miljøvernavdelinga var kjend med at vegsystemet ikkje var bygd, og
at det derfor ikkje no kan reisast motsegn mot dette
vegsystemet.
DN gav i brev av 29. mai 2006 uttale i saka til
Miljøverndepartementet. I uttala tilrår DN at motsegna frå
fylkesmannen ved miljøvernavdelinga vert teken til følgje. Dette
vert grunngjeve med at den aktuelle hyttebygginga kan auke ferdsle
og aktivitet vest for Hallbjønnsekken så mykje at villreintrekket
over Kuskar kan gå ut av bruk.
Ut frå dei nasjonale måla som gjeld
for forvaltninga av leveområde til villreinen, meiner DN det ikkje
bør etablerast nye tiltak som ytterlegare kan svekke villreinen
sitt vekslande områdebruk og trekk nordover fjellet langs Rv 45.
Fungerande trekkvegar bør oppretthaldast og ikkje svekkast av meir
utbygging og aktivitet. DN meiner at Hallbjønnsekken bør vera
vestgrensa for nye utbyggingar. Trekket over Kuskar er det
austlegaste av eit fåtal trekkvegar som er i bruk. Trekket er ikkje
mykje brukt og kan vera sårbart for berre små endringar.
Når det gjeld ueinigheita mellom
fylkesmannen si miljøvernavdeling og kommunen i tolkinga av
NINA-minirapport 106 vedrørande graden av konflikt for villreinen
av framtidig fritidsbustadbygging, har DN lagt dette spørsmål fram
for Per Jordhøy i NINA. Av Jordhøy sitt svar framgjeng at ”Slik eg
oppfattar skalaen er den slik:
- Stor konfliktgrad
- Moderat konfliktgrad
- Liten konfliktgrad
- Ingen konfliktgrad”
I rapporten har ein etter justering
av planane nytta vurderinga ”moderat konfliktgrad”.
På grunnlag av presiseringa frå
NINA oppfattar DN at instituttet ikkje vil karakterisera
konfliktgraden for utbygginga som kommunen no går inn for som stor,
men at den heller ikkje er liten. Ut frå målet om å vidareføra
Kuskar som trekk for villreinen og at trekket allereie er sterkt
pressa av eksisterande utbyggingar og aktivitet, meiner DN at
forventa konflikt av den utbygging som kommunen går inn for er for
stor.
Til spørsmålet om tolkinga av
arealplankartet og den formelle status til det planlagde
vegsystemet på sørsida av dalen uttalar DN at det ikkje ligg til
denne saka konkret å vurdere denne utbygging.
I samband med handsaming av
motsegnsaka i departementet har ein motteke brev av 20. juni 2006
frå grunneigar Ragnvald Holm Lie. I brevet kjem Holm Lie mellom
anna med merknader til uttala frå DN. Han tek opp DN sine
synspunkt til det planlagde vegsystemet frå Hallbjønnsekken til
sørsida av dalen med to tverrvegar vestover, av dei ein til
Kuskarsetra og ikkje Kuskaret, og ein veg austover. Holm Lie meiner
fylkes-mannen ved miljøvernavdelinga kjende til desse planane.
Likeeins tek han opp merknaden frå DN når det gjeld kommunen sine
planer om utbetring av løypenettet og kanalisering av
skigåinga på sørsida av Rv. 45. Han meiner at etter veglaget sitt
syn vil det planlagde vegsystemet opne for moglegheit for
profesjonelt løypenett. Det vil verke som ein vinn/vinn situasjon
for villreinen, skiutfart og grunneigarane/hytteeigarane.
Miljøverndepartementet si vurdering
Departementet si rolle i
motsegnssaker er å gjere endeleg vedtak der det er konflikt mellom
kommunen, nabokommunen, fylkeskommunen eller statleg
sektormyndigheit. Det må liggje føre nasjonale eller viktige
regionale interesser for at departementet skal kunne overprøve dei
lokalpolitiske prioriteringane.
Konflikten i denne saka gjeld
spørsmålet om kor grensa for ny hyttebygging skal gå vest for
Hallbjønnsekken av omsyn til villreinen sine trekkruter i det same
området.
Bruken av
Skafsheia-Hallbjønnsekkenområdet som område for friluftsliv og
område for fritidsbustader har lang tradisjon. Områda ved
Hallbjønnsekken vert rekna for å vera av dei beste som utgangspunkt
for turar innover fjellområde og er av dei mest attraktive å ha
hytte i. Av den grunn er det også bygd ut turist- og
alpinanlegg i området. Tokke kommune har i plansamanheng lagt opp
til ei vidare utbygging i dette populære og vakre turområdet.
Samstundes er det klårt at det i
området er fleire trekkruter for villrein. Det er derfor semje
mellom kommunen og fylkesmannen si miljøvernavdeling om at det må
trekkast ei grense for vidare fritidsbustadbygging mot villreinens
leveområde og trekkvegar i vest. Kommunen meiner det kan byggast
noko lenger vest enn det som er oppfatninga til miljøvernavdelinga.
Det er og semje om at det bør gjerast tiltak for å kanalisere
turferdsla bort frå trekkområde og dei viktige leveområda for
reinen. Med heimel i tidlegare godkjende disposisjonsplanar
vil det i dei områda det er strid om kome nokre få nye
fritidsbustader.
Hallbjønnsekken ligg innanfor det
som i villreinforvaltninga vert kalla Setesdal Austhei
villreinområde. Villreinstamma i Setesdal er den nest største i
Noreg og under sterkt press. Villrein har status som norsk
ansvarsart ut frå at Noreg er det einaste landet i Europa som har
att bestandar av opphavleg vill fjellrein. Det er derfor viktig at
inngrep i leveområda til villreinen vert minst moglege, og likeeins
at trekkruter ikkje vert gjenbygde eller påverka av auka ferdsle
frå nærliggande fritidsbustader. Villrein er særleg sky overfor
auka ferdsle innafor sitt leve- og trekkområde. Ny hyttebygging
innanfor slike område vil naturleg nok føre til auka ferdsle, noko
som igjen vil verke negativt inn på villreinen sine levekår.
Miljøverndepartementet legg stor
vekt på det ansvar Noreg har for at våre villrein-stammer skal få
eit best mulig vern. Vi viser i den samanheng til kva som er uttala
om villreinpolitikken i St.meld. nr. 21 (2004-2005) ”Regjeringens
miljøvernpolitikk og rikets miljøtilstand.” I meldinga og
handsaminga av den i Stortinget legg ein opp til ein generelt høg
prioritering av leveområde til villreinen.
Villreinområde som er spesielt
viktige for arten si framtid i Noreg skal få status som nasjonale
villreinområde. Det er ennå ikkje teke stilling til kva for område
det vil bli. Avgrensinga og innhaldet skal avklarast gjennom
regionale planprosessar. Dei regionale planane skal sikre at
leveområda er store nok, av god nok kvalitet og at villreinen har
nok vandringsmoglegheiter. Det er ein føresetnad at planane skal
avklare det overordna utbyggingsmønsteret på tvers av
kommunegrensene, og at tiltak som vinterbrøyting av vegar,
utfartsparkering og preparering av løyper/stiar skal inngå i
planane.
Ut frå dette er det ikkje aktuelt å
godkjenne ny utbygging som ligg tett opp mot villreinens
trekkområde, så lenge det ikkje er gjennomført ei regional
planavklaring for området. Departementet legg vekt på at dette
ikkje inneber at vidare utbygging av fritidsbustader i kommune må
stoppe opp. I den eigegodkjente delen av kommuneplana er det store
uutnytta byggeområde aust for Hallbjønnsekken og vidare langs
riksvegen.
Når det gjeld usemja mellom
kommunen og miljøvernavdelinga omkring handsaminga av det planlagde
vegsystemet frå Hallbjønnsekken til sørsida av dalen blei det
opplyst på synfaringsmøtet at fylkesmannen ikkje hadde reist
motsegn mot dette grunna at vegsystemet var vist som eksisterande
på det arealplankartet han hadde til høyring. Hadde den korrekte
status på vegsystemet vore vist på arealplankartet ville
fylkesmannen ut frå omsynet til villreintrekket i Kuskar heilt
klårt reist motsegn.
Det vart vidare opplyst at
fylkesmannen hadde nytta retten til klaga på byggesak for dette
vegsystemet. I avgjerd av settefylkesmann vart klagen teken til
følgje.
Til ovannemnde usemje skal
departementet merka at det formelt ikkje ligg føre motsegn til det
omtala vegsystem. Departementet har såleis ikkje grunnlag for å ta
dette spørsmål opp til motsegnshandsaming. Dessutan vart den delen
av arealplanen som det ikkje knytte seg motsegn til på vanleg måte
etter plan- og bygningslova send departementet til orientering. I
samband med dette kunne departementet ut frå nasjonale interesser
gjort endringar i planen. Føresetnaden var at kommunen vart
underretta om endringa innan 3 månader etter at departementet
mottok planen. Denne fristen er for lengst gått ut.
Departementet har fått overlevert
det kart fylkesmannen si miljøvernavdeling har hatt til uttale. Av
både dette kart, og det kart som er sendt over frå kommunen i
samband med handsaminga av motsegna, gjeng det fram at vegsystemet
er vist med svart strek som for eksisterande kommunale
vegar/private vegar. Slik status etter dei framkomne opplysningane
for dette vegsystemet no er, må det vere ein feil at vegsystemet
stend fram som eksisterande.
Departementet ser det som positivt
at nye veganlegg i utmark takast opp i kommune-plansamanheng, men
det inneber at kommunen må kommunisere tydeleg i plan-dokumenta kva
som er forslag om nye vegar. Slik departementet vurderar denne
konkrete saka, vil veganlegget komme inn under plikta til å
utarbeide reguleringsplan etter § 23 i plan- og bygningslova.
Ettersom det ikkje gjekk klårt fram ved høyringa av kommuneplanen
at det låg inne eit forslag til ny veg i området, vil fylkesmannen
ikkje være bunde av kommuneplana ved vurdering om det skal reisast
motsegn til ein eventuell reguleringsplan for veganlegget.
Vedtak
I medhald av § 20-5 femte led i plan- og bygningslova finn
departementet ikkje å kunne godkjenne del av kommuneplanen si
arealdel for byggjeområde -fritidsbustader vest for R3 og R4,
Hallbjønnsekken vest og sør, samt LNF-område med tillate spreidd
hyttebygging SH7 Gamasfitt . Motsegna frå fylkesmannen ved
miljøvernavdelinga vert derfor tatt til følgje.
Dei andre delane av arealdelen av
kommuneplanen er eigengodkjend med rettsverknad av Tokke
kommunestyre i møte den 13. september 2005.
Kommunen er gjort kjend med
departementet sitt vedtak ved kopi av dette brev.
Med helsing
Helen Bjørnøy
Vedlegg:
Plandokument
Kopi:
Tokke kommune
Telemark fylkeskommune
Direktoratet for naturforvaltning