Juridisk vurdering av beiteretten

Vedlegg 6

Notat av 15. juli 1996 utarbeidd av Avdeling for arealforvalting, Landbruksdepartementet.

Saueeigarar som sluttar førebels med sau på grunn av rovdyrproblematikken:
Kan dei risikere å tape sine beiterettar?

Slik beiterett vil i hovudsak ligge til den enkelte eigedom som ein særrett/positiv servitutt eller som del av ein allmenningsrett. Retten kviler som eit hefte på den tenande eigedom. Tenande eigedom kan vere statsallmenning, bygdeallmenning eller annan privateigd eigedom. Beiterett i statsallmenning eller bygdeallmenning vil hovudsakleg vere del av ein allmenningsrett. Beiterett på annan privateigd eigedom er ein servitutt.

Beiterett som del av allmenningsrett

Statsallmenningar: Sjå Lov om utnytting av rettar og lunnende m m i statsallmenningane (fjellova) av 6. juni 1975 nr. 31.
Bygdeallmenningar: Sjå Lov om bygdeallmenningar (bygdeallmenningslova) av 19. juni 1992 nr. 59.

Beiteretten er ein realrett - knytt til gardsbruk. Den kan berre utøvast av den som til eikvar tid er eigar av vedkomande gardsbruk og kan ikkje overdragast separat. Eigedomen må ha karakter av jordbrukseigedom. Det blir stilt små krav m o t dette. Etter rettspraksis har bruk på langt mindre enn 10 daa dyrka jord fått behalde bruksretten når berre den faktiske bruk av areala har hatt tilstrekkeleg karakter av jordbruksdrift. Kva rettar den med allmenningsrett har kjem an på karakteren til allmenningen og den bruk som har funne stad gjennom tidene. Eigaren i dag treng ikkje føre prov for bruksutøvinga til tidlegare eigar. Har allmenningsretten vore utøva, går den ikkje tapt ved at garden sin eigar gjennom lang tid ikkje har utnytta den.

Beiterett i allmenning kan likevel falle bort på andre måtar:

Beiterett i statsallmenning: Rett som er knytt til jordbrukseigedom kan berre utnyttast så langt det skjer i tilknyting til drifta av eigedomen som jordbruk, og så lenge eigedomen blir driven som jordbruk. Blir gardsdrifta nedlagt og jorda teken i bruk til føremål utanom jordbruksnæringa, fell retten bort. Det same gjeld om ein eigedom ved sal eller ekspropriasjon mister så mykje av jorda at den ikkje lenger kan reknast som ei jordbrukseining, eller blir delt på ein slik måte at ingen av jordareala etterpå blir å rekne som jordbruk (fjellova §2, andre ledd).

Beiterett i bygdeallmenning: Bygdeallmenningslova §2-6 har ein regel som i innhald svarer til fjellova §2, andre ledd. I tillegg blir det sagt i bygdeallmenningslova §2-6 at bruksretten fell bort om jordbruksdrifta på eigedomen blir lagt ned og blir liggande nede i eit samanhengande tidsrom på fem år. Bruksretten fell ikkje bort automatisk. Allmenningsstyret må gjere vedtak om det og grunneigar må vere varsla. Men slikt tap av allmenningsrett er ikkje definitivt. Dersom jordbruksdrifta blir teken opp att, vaknar allmenningsretten til live att. I denne samanheng må det presiserast at beiteretten sjølvsagt ikkje fell bort ved ikkje-bruk når det elles er jordbruksdrift på eigedomen.

Både for statsallmenningar og bygdeallmenningar gjeld den regel at tidlegare utnytta seter med setervoll og tilliggande kulturbeite fell bort dersom setra i eit samanhengande tidsrom på 20 år ikkje har vore i bruk som seter - dvs til å dekke eigedomen sitt jordbruksbehov med tilliggande bruksrett (fjellova §22, bygdeallmenningslova §6-7). Føresegna om bortfall av seterrett etter 20 års ikkje-bruk har likevel liten aktualitet i denne samanhengen.

Konklusjon: Beiterett i allmenningar går ikkje tapt om den som har bruksretten sluttar med sauehald.

Beiterett på annan privateigd grunn

Slik beiterett er ein særrett som gir avgrensa rett til faktisk rådvelde over framand eigedom - ein positiv servitutt. Blir regulert av Lov om særlege råderettar over framand eigedom (servituttlova) av 29. november 1968.

Slik beiterett kan ha ulikt grunnlag. Det kan vere ein avtale, hevd, alders tids bruk, jordskifte eller ekspropriasjon. Omfanget av beiteretten og kor lenge den varer blir fastslått ved tolking av stiftingsgrunnlaget. Ein kan tenke seg tilfelle der det framgår av stiftingsgrunnlaget (evt. avtala) at beiteretten skal falle bort etter ei tid med ikkje-bruk, men dette vil truleg sjeldan vere tilfelle. Ein føreset at dei beiterettar som det her er snakk om er reelle servituttar. Dei ligg til eigedomen til den som har beiterett (herskande eigedom) og er i utgangspunktet «stedsevarige» - dvs at dei varer uavgrensa. Beiteretten kviler som hefte på den tenande eigedomen.

Også for slik beiterett kan det tenkast at beiteretten fell bort dersom eigedomen til den som har bruksretten mister karakteren av jordbrukseigedom ved frådeling, nedbygging osv, eventuelt kan det i slike tilfelle vere aktuelt å overdra retten til andre som kan bruke den (servituttlova §9).

Spørsmålet her blir om slik beiterett kan falle bort ved ikkje-bruk, dvs ved passivitet eller hevd.

Passivitet:

Rein passivitet vil ikkje vere nok. Ein har vore lite villig til å la ein servitutt falle bort sjølv ved ikkje-bruk i svært lang tid. Det må i tilfelle vere at den som har servitutten ikkje har gripe inn når hans rett vart krenka. I Brækhus og Hærem «Norsk tingsrett» s. 620 blir det vist til uttalar som «en tinglig rett bortfaller aldri ved at den berettigede ikke bruker den». Som illustrerande døme frå rettspraksis blir m a nemnt ein høgsterettsdom frå 1897 der ein seterrett vart sett på som å vere ved lag, endå den ikkje hadde vore utøva på meir enn 100 år, og seterhusa og gjerda forlengst var rotna bort. Vidare blir det vist til ein høgsterettsdom frå 1938 der ein seterrett stifta i 1780-åra og som aldri hadde vore brukt, framleis sto ved lag.

Men det er og nemnt eit par domar etter denne tid der slik rett er gått tapt ved passivitet. I Rt. 1949 s. 492 vart det fastslått at fleire oppsittarar i Tolga hadde tapt sin rett til heilsommarbeite i «Tolga heimtrakt» då denne retten ikkje hadde vore nytta sidan 1820. Etter så lang tid med ikkje-bruk av heilsommarbeite kunne dei ikkje no ta det opp att. Høgsterett fann at dei utflytta setereigarane med si eiga haldning i høve til den utvikling som hadde funne stad, hadde sett seg i den stode at dei måtte vere utan tilgang til å gripe forstyrrande inn i dei brukstilhøva som var eit resultat av denne utviklinga. Allereie i 1820 var det snautt med beite i dette området, noko som var årsaka til utflyttinga. Etter 1820 var det gjennom ei normal utvikling av seterbruken i heimtrakta blitt det faktiske tilhøve at beitet i dette seterstroket no var utnytta til si ytterste grense. Skulle dei setereigarar som i si tid hadde flytta ut og ikkje hadde teke heilsommarbeite opp att, no kunne ta til med heilsommarsetring i heimtrakta, ville dei rive opp i dei faktiske brukstilhøva som såleis forlengst hadde festa seg, og dei ville skape eit problem som det ville medføre monalege vanskar å løyse. To av dei som hadde hatt rett til heilsommarbeiting vart likevel vurderte til å ha retten sin ved lag. Den eine hadde også slutta med heilsommarbeiting i heimetrakta i 1820, men hadde teke det opp att frå 1880-åra. Den andre hadde slutta med heilsommarbeiting først i 1846, for så å ta det opp att frå om lag 1905. For desse to var det såleis snakk om ikkje-bruk i om lag 60 år. Det vart uttala i domen at dei faktiske tilhøva i denne saka var vesentleg ulike frå dei som var omhandla i høgsterettsdomane frå 1897 og 1938. I domen frå 1949 kan ein vel seie at dei som tapte sin rett til heilsommarsetring ved ikkje-bruk/passivitet hadde lete vere å gripe inn i den faktiske bruksutøving i området - ein bruk som hadde festa seg over eit tidsrom på meir enn hundre år.

Hevd:

Reglar om hevd finst i lov om hevd av 9. desember 1966 nr. 1 (hevdslova).

Bortfall av beiterett gjennom hevd kan skje på to måtar; anten som følgje av frihevd eller mothevd. God tru er eit vilkår for i det heile teke å kunne hevde. Tinglyste servituttar/beiterettar kan gjerast gjeldande i høve til ein godtruande som skaffar seg fast eigedom. Dette tyder at tinglyst beiterett ikkje kan frihevdast.

Frihevd vil seie at ein avgrensa rett i fast eigedom fell bort fordi hevdaren har sete med den tenande eigedomen i 20 år utan å kjenne til at retten finst, eller i den tru at den har falle bort, og retten i denne tida heller ikkje har vore utøvd (hevdslova §10). Hevdaren treng ikkje å ha brukt eigedomen i strid med retten. Det er nok at den som har retten (her: beiteretten) let bruksretten ligge unytta i full hevdstid. Men, hevdstida kan avbrytast, jfr §11 som m a viser til §6. Det kan skje ved søksmål eller ved at hevdaren taper eigedomsretten i meir enn to år. Frihevd kan ikkje skje der årsaka til ikkje-bruk av beitet ligg i rettslege hinder.

Frihevd vil eventuelt kunne bli aktuelt der tenande eigedom får ny eigar i løpet av det tidsrom der beiteretten ikkje blir nytta, og der den nye eigaren er uvitande om den beiterett som hefter på eigedomen. Er beiteretten tinglyst bør ein vere sikra.

Mothevd er regulert av hevdslova §9 m fl. Det må frå hevdaren si side ha skjedd ein motbruk - dvs ein bruk som er i strid med og vanskeleggjer den bruksrett som det er aktuelt å mothevde - i hevdstid. Hevdaren må hindre at tredjemanns beiterett blir utøva. Det skal noko til for å kunne mothevde ein beiterett som gjeld i eit større skogs- og utmarksområde. Normalt er hevdstida 20 år, men skal tredjemanns beiterett mothevdast med beitebruk krevst det 50 års hevdstid når bruken ikkje framgår av «ei fast tilstelning» (hevdslova §8). Vanleg beitebruk framgår ikkje av noko fast tilstelning. Fast tilstelning som indikerer beitebruk kan vere gjerde eller seterhus. Det er vanskeleg å sjå at mothevd av beiterett vil kunne bli aktuelt. For å hindre eventuell mothevd frå ein ny eigar av tenande eigedom kan den som har beiteretten tinglyse sin rett.

Konklusjon: For at beiterett skal kunne tapast ved passivitet må det gå svært lang tid - bortimot 100 år - og det må ha festa seg brukstilhøve slik at retten til den som har beiteretten er blitt krenka.
  Bortfall av beiteretten gjennom hevd (mothevd eller frihevd) er lite aktuelt. Ein kan sikre seg mot frihevd gjennom å få sin beiterett tinglyst på tenande eigedom. Det må dessutan ha gått 20 år (frihevd). Mothevd er lite aktuelt.

(Kjelder: Falkanger «Tingsrett» og Brækhus & Hærem «Norsk tingsrett»)

Lagt inn 16 april 1997 av Statens forvaltningstjeneste, ODIN-redaksjonen