T-5/96 Mineralske lausmassar

Mineralske lausmassar - Behandling etter plan- og bygningslova

Til
Kommunar
Fylkeskommunar
Fylkesmenn

Rundskriv T-5/96

Føreord

Det har i ein 20 års periode vore arbeidd med utgreiingar med sikte på regelverk for styring av uttak av sand og grus m.v., dvs. dei ressursar som går inn under omgrepet mineralske lausmassar. Saksfeltet er behandla i NOU 1996:11 om Forslag til minerallov med ei samla lovgiving om mutbare og ikkje mutbare mineral og om lausmassar. Miljøverndeparte-mentet vil i dette rundskrivet gjere nærare greie for korleis plan- og bygningslova kjem inn når det gjeld uttaksverksemd.

Rundskrivet er adressert til kommunar, fylkeskommunar og fylkesmenn og det vil dessutan verte sendt bergmeistaren, Samisk kulturminneråd og andre statlege sektorstyremakter.

Vi reknar med at rundskrivet og vil vere av interesse for private verksemder og einskildpersonar som arbeider med etablering, drift og avslutting av masseuttak, for organisasjonar og for naboar og einskildpersonar som bur slik at dei vert påverka av støy o. l. frå slik verksemd.

Med helsing

Thorbjørn Berntsen

Anne Sæterdal

 

Innhald

1 Innleiing

2 Mineralske lausmassar. Behandling etter plan- og bygningslova

2.1 Fylkesplan

2.2 Kommuneplan

2.2.1 Arealdel til kommuneplanen/kommunedelplanen – råstoffutvinning

2.2.2 Føresegner til arealdelen

2.2.3 Verknader av kommuneplanen

3 Spesielt om reguleringsplan

3.1 Reguleringsplan

3.1.1 Reguleringsføremål – steinbrott og masseuttak

3.1.2 Fleire reguleringsføremål i same område

3.1.3 Reguleringsføresegner

3.1.4 Verknader av reguleringsplan

3.2 Masseuttak som er eller har vore i drift

4 Andre reglar i plan- og bygningslova

4.1 Meldeplikt og byggjeløyve (§§ 84 og 93)

4.2 Konsekvensutgreiing (Kap. VII-a)

4.3 Om miljø, estetikk, vedlikehald og sikringstiltak (§§ 68, 74 nr. 2, 89 og 100)

4.4 Transportable pukkverk

5 Tilhøvet til anna regelverk

5.1 Forureining

5.2 Bergverk

5.3 Kulturminne og kulturmiljø

 

1 Innleiing

Føremålet med rundskrivet er å gjere greie for korleis plan- og bygningslova (pbl) kjem inn og styrer forvaltinga av dei mineralske lausmassane. Med mineralske lausmassar meiner vi sand, grus, leire og silt, og dessutan blokk og fjell for knusing. Forvaltinga av andre mineralske råstoff som malmar og industrimineral, vil vere omfatta av pbl på same måte. Dei spørsmål som rundskrivet tek opp vil såleis vere like viktige i høve til råstoffutvinning generelt, men framstillinga er likevel spesielt knytta opp til lausmassar.

Lausmassane gir viktig informasjon om den nære geologiske fortida. Gjennom istider er landskapet forma til det vi i dag ser som typisk norsk med fjordar, skjergard, innsjøar og fjell. Der breane fjerna det meste av dei lause jordlaga, har dei kvartærgeologiske avsetningane i jord, sand og grus vorte heller små målt i areal, og er stort sett å finne i låglandet. Busetnaden, særleg i landbruket, viser fordelinga av ressursane på landsbasis. Det meste av lausmassane vart bygde opp i slutten av siste istida og er såleis i eit menneskeleg tidsperspektiv ein ikkje fornybar ressurs. Dei representerar viktige økonomiske verdiar og har i dei seinare åra vore under sterkt press for utnytting. Noreg si plassering geografisk gir oss eit ansvar for å sikre ei berekraftig forvalting av denne naturhistoriske ressursen.

Masseuttak fører ofte med seg store inngrep i naturen, og vi møter spesielt følgjande problemstillingar:

  • arealkonfliktar og interessemotsetnader mellom masseuttak og annan bruk av området, f.eks. til naturvernføremål eller av omsyn til kulturmiljø og kulturminne eller ut frå friluftslivsinteresser, klimaregulerande terrengformasjonar og areal til grunnvassmagasin for vassforsyning og infiltrasjon,
  • miljøspørsmål som følgje av at landskapet vert forandra, skjemmande anlegg, fare for ulukker, støv og sandflukt, og støy frå verksemder og trafikk i samband med drifta
  • ressursspørsmål og behovet for ei forsvarleg og langsiktig forvalting av ein etterspurt ressurs for byggjeføremål m.v., som samstundes er ujamt geografisk fordelt.

Hovudinnhaldet i rundskrivet viser korleis ein ved å bruke plansystemet etter pbl kan sikre ei samordna vurdering av dei ulike interessene i ressursforvaltinga, spesielt når det gjeld miljøspørsmål i høve til uttaksverksemd. Uttak av mineralske lausmassar og tiltak som er nødvendige for å drive uttaksverksemd kjem og inn under andre reglar både i pbl og anna lovverk.

Rundskrivet har følgjande hovudavsnitt:

  • Mineralske lausmassar. Behandling etter plan- og bygningslova (2)
  • Spesielt om reguleringsplan (3)
  • Andre reglar i plan- og bygningslova (4)
  • Tilhøvet til anna regelverk (5)

2 Mineralske lausmassar. Behandling etter plan- og bygningslova

Plan- og bygninslova gjeld for heile landet med vassdrag og sjøområde ut til grunnlina. Regelverket legg opp til samla og sektorovergripande planlegging av areal og andre natur-ressursar. I dei arealkonflikter som melder seg i samband med masseuttak vil ei slik samorda planvurdering vere med å sikre ei forsvarleg løysing både for tiltakshavar og av omsyn til miljøet. Eit viktig utgangspunkt er kva tiltak som vert omfatta av rettsverknaden av kommunale planar, m.a.o. kva tiltak som kjem inn under pbl § 84 om varige konstruksjonar og anlegg m.v. Vi viser om dette til pkt. 4.1 nedanfor.

Plansystemet byggjer på at statlege fagorgan, fylkeskommune og einskildpersonar i nærområdet til slike verksemder, og grupper og organisasjonar som har interesser å ta vare på, skal kunne vere med i planprosessen for å sikre ei samordna vurdering til beste for den einskilde og samfunnet. Fylkesmannen si miljøvernavdeling og bergmeistaren, fylkeskommunar og samisk kulturminneråd vil vere sentrale organ i dei planprosessane som handlar om uttak av mineralske lausmassar. Vert kommunen og sektororgana ikkje samde om korleis overordna interesser skal kome med i planane, kan vedkomande organ fremje motsegn og planen går til departementet for endeleg godkjenning/ stadfesting. Ordninga er nærare omtala i rundskriv T4-5/95 frå Miljøverndepartementet.

Ressurstilgang på mineralske lausmassar og rammer for uttak og drift har sin plass i oversiktsplanlegginga både på fylkes- og kommunenivå på linje med andre bruks- og verneføremål.

Norges geologiske undersøkelser (NGU) sine ressurskart for sand, grus og pukk vil vere eit viktig materiale i plan-leggingsarbeidet. Karta, i målestokk 1: 50.000, viser ressursane med volum, kvalitet, kornstorleik og noverande arealbruk. Dei kan tingast hos NGU, Trondheim. Elles har dei ulike sektororgana og som oppgave å syte for at overordna retningsliner og miljøomsyn kjem inn i planprosessen så tidleg som mogleg.

2.1 Fylkesplan

Det er som regel eit konstant behov for sand og grus i alle fylke, samstundes som det mange stader kan vere mangel lokalt på tilgjengelege førekomstar av god kvalitet. Høge kostnader til transport i høve til produksjonskostnadar kan føre til at det stadig vert teke i bruk nye førekomstar, eller at lausmassar vert erstatta med fastfjell for knusing. Ei forsvarleg forvalting av denne ressursen til råstoff for byggje- og anleggsverksemd kan ha interesse utover grensene for den einskilde kommune, og vil såleis vere eit tema for behandling i fylkesplanen, eventuelt basert på nasjonale rammer og interesser fremja i samband med godkjenning av planen. På same måte kan uttaksverksemd av ulike slag som har verknad på arealbruk og miljø i nabo-kommuner kunne vurderast i fylkesplan.

Mål og retningsliner for mineralske ressursar som er omhandla i fylkesplaner, skal leggjast til grunn for all fylkeskommunal verksemd og skal vere rettleiande for kommunal og statleg planlegging og verksemd i fylket. Statlege organ og kommunen kan ikkje sjå bort frå fylkesplanen, som må følgjast så lenge det ikkje er gjort endringar.

2.2 Kommuneplan

I kommunar med tilgang på mineralske ressursar bør kommuneplan / kommunedelplan omhandle ressurssituasjonen og hovudtrekka vedrørande vern og bruk. Alt etter tilhøva kan det fastsetjast kva område som ikkje skal takast i bruk, lokalisering av uttaksområde med retningar og miljøkrav og område for deponering og tidsperspektiv for aktuelle uttak.
Dette vil vere retningsliner som kommunen må byggje på i behandlinga av konkrete tiltak og ved eventuell regulering. NGU sine ressurskart og det som eventuelt er omhandla i
fylkesplanen saman med innspel frå sektororgana vil vere utgangspunktet for kommunen si avklåring og vurdering av ressursane.

2.2.1 Arealdel til kommuneplanen / kommunedelplanen – råstoffutvinning

Råstoffutvinning er eigen arealbrukskategori, jf. § 20-4 nr. 3. Føremålet omfattar alle mineralske ressursar og kan underspesifiserast i område for malmar, industrimineral og mineralske lausmassar, f.eks. område for masseuttak av fjell for knusing. Både av omsyn til andre arealbruksinteresser og til avklåring av kvar masseuttak kan finne stad, bør arealdelen så langt mogleg vise eksisterande uttak og område som kan takast i bruk for føremålet. Der det gjeld eksisterande uttak som skal drivast vidare, bør plankartet så langt det er behov for det, vise dei ytre grenser og volum for framtidige uttak. Det kan vere føremålstenleg å leggje område med mineralførekomstar ut til landbruks-, natur- og friluftsområde så lenge tilhøvet mellom friluftsinteressene på den eine sida og uttak på den andre sida, ikkje er klårlagde. Ei slik disponering vil hindre uttak til avklåring har skjedd, jf. pkt. 2.2.3 om verknader av arealdelen. Vidare kan det etter tilhøva vere føremålstenleg å behandle viktige område for mineralske ressursar i kommunedelplan, eventuelt med større detaljering i særleg vedlegg, for nærare å få avklåre grensene mellom område for uttaksverksemd og område der slik verksemd ikkje kan tillatast. I fastlagde uttaksområde kan kommunedelplan for råstoffutvinning, eventuelt med krav om reguleringsplan eller utbyggingsplan (bebyggelsesplan), gi den nødvendige styring.

2.2.2 Føresegner til arealdelen

Til arealdelen kan det knytast føresegner som ytterlegare bind opp bruken for det einskilde føremålet, jf. § 20-4 andre leden. Til arealbruksføremålet råstoffutvinning kan ein direkte bruke bokstav a) som gir heimel for krav om reguleringsplan/utbyggingsplan før utvinning vert sett igang. Etter bokstav a) er det og generelt høve til å setje plankrav i 100 metersbeltet langs vassdrag. Vidare kan det etter bokstav f) setjast forbod mot bygningar og anlegg i 100 metersbeltet ved vassdrag for alle arealbruksføremål, d.v.s. også for råstoffutvinning. For å ta vare på vassdragsnære område, f.eks. i høve til små og tilfeldige uttak nær verna vassdrag, kan det vere aktuelt å bruke føresegn etter bokstav a) med plankrav eller etter bokstav f) med byggje-
forbod.

Der masseuttak krev bygningar og anlegg, kan føresegnene etter bokstav b) brukast dersom delar av uttaksområdet vert lagde ut til byggjeområde. I tilfelle kan det fastsetjast føresegner som ytterlegare bind arealbruken, m. a. om rekkjefølgje i utbygginga, krav om ein viss infrastruktur før igangsetting, utnyttingsgrad og føresegner om storleik og form på bygningane. Føresegnene etter bokstav b) kan likevel ikkje brukast i område som er utlagde til råstoffutvinning åleine.

2.2.3 Verknad av kommuneplanen

Arealdel til kommuneplan, vedteken av kommunestyret eller godkjent av Miljøverndepartementet etter motsegn, skal leggjast til grunn i forvalting, uttak og utbygging, slik at vern og bruk kan gjennomførast i samsvar med planen. Ingen kan setje i gang arbeid og tiltak som nemnt i §§ 84 og 93 om anlegg, masseuttak og bygningar m.v. i strid med den arealbruk og dei føresegner som er fastsette i arealdelen. Det same gjeld andre tiltak som kan vere til vesentleg ulempe for gjennomføring av planen, jf. § 20-6. Verknaden er såleis at masseuttak og byggjearbeid berre kan gå føre seg i område utlagte til dette i endeleg arealdel, medan masseuttak o. l., f.eks. i landbruks-, natur- og friluftsområde i utgangspunktet ikkje vil vere tillate utan planendring.

Etter pbl § 7 kan det likevel gis dispensasjon frå planen «når særlige grunner foreligger». Ein einskild dispensasjon vil aldri kunne få samme breie og samordna behandling som ein plan, og regelen i lova om at særlege grunnar må vere til stades, betyr at dispensasjonsstyremakta må vurdere verknaden av tiltaket det er søkt om mot dei omsyn som ligg til grunn for planen. Berre om det er overvekt av omsyn som talar for, vil lova sitt krav om særlege grunnar vere oppfylt, og dispensasjonsstyremakta kan etter fritt skjøn avgjere om dispensasjon skal gis eller ikkje. For å sikre at dei interessene som er fremja i planen ikkje utan vidare vert fråvikne i einskildsaker, er det etter lova eit krav at styremakter, som har vore med i planprosessen, som f.eks. fylkeskommunen, miljøvernavdelinga og bergmeistaren skal ha høve til å gi fråsegn og kunne klage.

Det er ikkje uvanleg at område lagt ut til anna føremål i arealdelen, f.eks. i landbruks-, natur- og friluftsområde, seinare viser seg å vere aktuelt for masseuttak og vert regulert til dette føremålet. Reguleringsplanen går i tilfelle føre arealdelen, jf. § 20-6 siste ledd. Arealdelen bør i tilfelle endrast i samsvar med reguleringsplanen ved neste revisjon.

3 Spesielt om reguleringsplan

3.1 Reguleringsplan

Reguleringsplan høver godt for nærare detaljering av det einskilde uttaksområde med plassering av verksemd og bygningar m.v., og for å få heimel til ekspropriasjon. Det bør i tillegg alltid vurderast konkret om reguleringsplanen skal omfatte eit større område enn det som vert regulert til råstoffutvinning for å kunne få med tilkomstveg og eventuelle skjermings- og sikringstiltak på tilstøytande eigedomar.

Etter lova skal kommunen utarbeide reguleringsplan i område der det er sett krav om det i arealdelen, og når det gjeld større byggje- og anleggstiltak, jf. § 23. Elles kan kommunane setje igang regulering når det er behov for det, og vidare kan grunneigarar, rettshavarar og andre interesserte fremje privat framlegg til regulering til behandling, jf. § 30.

Utbyggingsplan kan vere aktuell ved større masseuttak som er behandla i reguleringsplan, og det er behov for nærare detaljering, f.eks. der faste installasjonar, medrekna knuse- og sorteringsverk er regulerte som byggjeområde.

3.1.1 Reguleringsføremål – steinbrott og masseuttak

Reguleringsføremål etter lova for uttak av mineralske lausmassar: «Spesialområder, herunder ... steinbrudd og masseuttak...» er ikkje uttømande, jf. § 25 første leden nr. 6. Andre typar uttak, f.eks. av malmar og mineral som ikkje er mutbare, og uttak av biologiske massar går og inn under føremålet. Reguleringsområde for masseuttak kan og omfatte område for lagring og transport av det som vert teke ut, område for massefylling for behandling av overskottsmasse i samband med uttaket og randsoner mot støyfølsame område og mot område for anna arealbruk, f.eks. landbruk og veg.

Ved lovendring av 5. mai 1995, som trer i kraft i 1997, er § 25 nr. 6 om steinbrott og masseuttak endra til «steinbrudd og massetak samt andre område for vesentlige terrenginngrep ...». På same måte er § 84 endra slik at det vert klårt at dei materielle reglane der også omfattar vesentlege terrenginngrep, veg og parkeringsplass, jf. nedanfor under pkt. 4.1.

3.1.2 Fleire reguleringsføremål i same område

Fleire reguleringsføremål kan kombinerast innanfor same område og forskjellige føremål kan fastleggjast i tidsrekkjefølgje. Vidare kan det fastsetjast at reguleringa på nærare fastsette vilkår skal gå over frå eit føremål til eit anna, f.eks. når visse tiltak er gjennomførde eller situasjonen i eller utanfor planområdet er endra. Der det er regulert til sambruk av eit areal, kan ulik bruk vere avgrensa i tid, f.eks. til delar av året, til eit fastsett åremål eller bruk på visse vilkår. Det kan f.eks. fastleggjast eit uttaksområde ned til ei fastsett kotehøgde, og i same regulering kan det vidare fastsetjast kva området etterpå kan brukast til, f.eks. landbruk, friluftsområde eller byggjeverksemd, når toppmassane er førde tilbake og området er planert.

3.1.3 Reguleringsføresegner

I reguleringsføresegn til planen kan reguleringsføremåla spesifiserast og nyanserast. Det rettslege grunnlaget går fram av § 26 som lyder:

«Ved reguleringsplan kan det i nødvendig utstrekning gis bestemmelser om utforming og bruk av areal og bygninger i reguleringsområdet. Bestemmelsene kan sette vilkår for bruken eller forby former for bruk for å fremme eller sikre formålet med reguleringen. Det kan også påbys særskilt rekkefølge for gjennomføring av tiltak etter planen».

Reguleringsføresegnene er ein del av den konkrete planen og vert handheva på lik linje med planen. Dei må derfor liggje innanfor dei rammene lova set, samstundes som dei må vere knytte til dei føremål som er tekne opp i vedkomande plan.

Alt etter tidlegare lovgiving, som på desse felt omhandlar konkrete tiltak, kunne det i ein reguleringsplan som omfatta masseuttak fastsetjast føresegner om:

«anlegg og drift av steinbrudd og massetak, herunder uttaksdybde og uttaksvolum, sikring, skjerming og tiltak for å kunne tilbakeføre terrenget til andre formål».

Med utgangspunkt i dette og i gjeldande § 26 vert det nedanfor gitt ein del eksempel på reguleringsføresegner til område som er regulert til masseuttak, steinbrott m.v.:

  • lokalisering av uttaket, uttaksdjupn og uttaksvolum med skråningsvinklar
  • utforming av uttaksområdet i høve til omgivnader og grunnvatn
  • tiltak for vedlikehald av bygningar og anlegg
  • sikringstiltak i samband med verksemda
  • rekkjefølgje for gjennomføring av masseuttaket/ steinbrottet i tid og utstrekning for å få samordna verksemda
  • sikring og skjerming mot utslepp, støy og støv evt. med krav om gjerde, randsoner m.v.
  • rekkjefølgje for rehabilitering etter kvart som arbeida vert avslutta i områda rundt i samsvar med fastsett uttaksrekkjefølgje
  • tiltak for å føre området tilbake til anna planfesta føremål, evt. med tilplanting og tilførsel av masse med sikte på den arealbruken som er fastsett
  • forbod mot forskjellig slags bruk av areal og ressurs for å sikre og fremje føremålet
  • vilkår av omsyn til natur og miljø som ikkje vil vanskeleggjere ei forsvarleg utnytting av området til det reguleringsføremål som er fastsett
  • vilkår for bruk av område og anlegg og om tilkomst av omsyn til naturgitte og bygde omgivnader
  • ferdigstilling av tilkomstvegar og støyskjermings-/sikringstilhøve utanfor uttaksområdet før uttaket vert sett i drift
  • vilkår for bruk av uttaksområde og anlegg etter nærare fastsette tidsrammer for drift og andre avbøtande tiltak så langt dei ikkje motverkar reguleringsføremålet.
  • vilkår om arkeologisk utgraving i område med automatisk freda kulturminne.

I reguleringsføresegnene vil det vidare kunne setjast vilkår om driftsplan og sprengingsplan som viser korleis reguleringsføresegnene vil verte følgde opp. Det ligg likevel ikkje innanfor § 26 å regulere driftstilhøve av privatrettsleg karakter, f.eks. uttaksvolum pr. år utover det som har samband med føresegnene om rekkjefølgje, bruk av maskinelt utstyr dersom det ikkje kan grunngivast ut frå skjermings- og sikringsomsyn, bedriftsøkonomiske tilhøve, f.eks. stille garanti for istandsettingskrav.

Ein del einskildreglar i pbl kan og ha sitt å seie for uttaksverksemda, og dei kan takast inn ved fastsetjing av reguleringsføresegner for å klårgjere tilhøva i samband med reguleringssaka, jf. pkt. 4.3 nedanfor.

3.1.4 Verknader av reguleringsplan

Innanfor reguleringsområdet må verksemda skje i samsvar med planen slik det går fram av plankartet med tilhøyrande føresegner. Området kan ikkje takast i bruk til andre byggje- og anleggstiltak etter §§ 84 og 93, eller brukast eller frådelast til noko som vil vanskeleggjere gjennomføringa av planen. Dersom det viser seg ønskeleg med andre plangrenser eller anna lokalisering av anlegg eller med føresegner som ikkje er omfatta av planen, må det i tilfelle skje enten ved planendring eller med dispensasjon når det dreier seg om mindre endringar, jf. pkt. 2.3.3 ovanfor om dispensasjon.

3.2 Masseuttak som er eller har vore i drift

Framstillinga ovanfor er generell og viktig både for åpning av nye masseuttak og i høve til masseuttak som er i drift og som kommunen måtte ønske å regulere. Det er ei mengd uttak i drift som ikkje er behandla i plan og etter gjeldande regelverk, og dei omfattar langt større areal og førekomstar enn nye masseuttak. Etter kvart har dei vorte markerte som eksisterande område for råstoffutvinning i arealdelen til kommuneplan.

Melding om masseuttak m.v. i slike område eller i område utlagt til anna føremål, kan avdekkje og aktualisere behov for meir detaljert planlegging. Spesielt vil dette gjelde område der ei viss verksemd alt er igang, og der vidare drift og utviding kan få følgjer som krev meir detaljert planlegging, f.eks. på grunn av fare for utrasing, for forureining eller av omsyn til andre interesser. Kommunen kan i slike høve bruke pbl § 33 og leggje ned byggjeforbod med sikte på regulering eller endring i tidlegare arealdel til kommuneplan.

Nedanfor følgjer omtale av nokre typiske situasjonar når det gjeld masseuttak i drift:

Uttak kan vere ulovlege fordi dei ved oppstarting ikkje vart melde i samsvar med gjeldande regelverk. Er verksemda nyleg sett igang, kan føresegner om stansing eller retting nyttast, jf. pbl § 113.

Ein del uttak kan ha vore i drift i lengre tid utan reaksjon frå kommunen, og større eller mindre investeringar i tiltaket kan vere gjennomførde. Stansing vil neppe vere vegen å gå, og som regel vil det i slike tilfelle vere mest føremålstenleg å få tiltaket behandla i plan.

Resultatet av dette kan bli at vidare uttaksverksemd vert avgrensa eller må avviklast. Miljøverndeparementet har tidlegare gitt uttrykk for at ved slik regulering bør kommunen i rimeleg grad ta omsyn til korleis den eksisterande verksemda kan få avslutte drifta på ein rekningssvarande måte.

I dei tilfelle eksisterande verksemd vert sterkt redusert eller må slutte heilt med drifta, vil det vere eit viktig moment om det dreier seg om eit lovleg uttak eller om verksemda som er ønska, må karakteriserast som nytt uttak. Avgjerande vil her vere om uttaket har vore ute av drift så lenge at det har oppstått ein ny situasjon som krev ny behandling av offentleg styremakt. Det same vil gjelde dersom verksemda har endra omfang og karakter, f.eks. til eit mykje større uttak med industriell drift med kontinuitet og omfang langt ut over tidlegare uttak. Dette må i tilfelle behandlast som nytt tiltak.

Regulering av område for masseuttak inntil område som er i drift bør omfatte både eksisterande og nytt område i ei samla planvurdering. Dersom området vert regulert, kan regulerings-føresegnene om etterbehandling og tilbakeføring av terreng ikkje omfatte dei areala som alt er utnytta, men berre det som følgjer av vidare drift. For masseuttak som har vore nedlagte eller ute av drift i kortare eller lengre tid utan at avsluttande tiltak for opprydding, riving, sikring o.s.v. er utført, kan føresegner elles i pbl kome inn, jf. §§ 89, 90 og 100, jf 4.3 nedanfor.

Dersom kommunen ønsker å ta opp til vurdering dei masseuttak som er i drift, kan kommuneplanen vere ein aktuell arena. I den langsiktige delen kan kommunen trekkje opp retningsliner og tidsperspektiv for uttaksverksemda, medan uttaket sine noverande og framtidige grenser må gå fram av arealdelen. Som regel bør det i tilknyting til arealdelen gis føresegner om at det skal utarbeidast reguleringsplan eller utbyggingsplan, jfr. § 20-4 andre leden bokstav a), samstundes som planlagte og noverande uttaksområde vert viste.

4 Andre regler i plan- og bygningslova

4.1 Meldeplikt og byggjeløyve (§§ 84 og 93)

Etter pbl § 84 skal masseuttak og massefylling, på same måte som varige konstruksjonar og anlegg, meldast til kommunen før tiltaket vert sett i verk. Krava til melding m.v. går fram av § 81. Naboane skal varslast og kommunen kan gi dei pålegg som er nødvendig for å få arbeidet forsvarleg utført. Dersom det aktuelle område er regulert til masseuttak, må eventuelle pålegg haldast innanfor dei rammene som er fastsett i reguleringsplanen, eventuelt med ytterlegare detaljering. Elles gjeld reglane i lova så langt det høver for slike tiltak.

Dersom det skal førast opp bygning eller setjast igang andre arbeide som nemnt i § 93 i samband med uttaket, må det søkjast om byggjeløyve.

Kva som går inn under omgrepet varige konstruksjonar, anlegg, masseuttak og fylling etter § 84 er omhandla i rundskriv H-20/1986 frå Kommunaldepartementet, som forvaltar desse reglane i pbl.

Ved lov av 5. mai 1995 nr. 20 er det gjort ein del endringar i pbl §§ 84 og 93. For det første går « ... masseuttak og fylling» inn under «vesentlege terrenginngrep» i ny § 84. I førearbeida er det presisert at kva som går inn under omgrepet vesentleg terrenginngrep må vurderast over tid, og at bygningsstyremaktene må kunne gripe inn dersom mindre arbeid over lengre tid samla sett fører til vesentlege inngrep i terrenget. Lovendringa går vidare ut på at vesentlege terrenginngrep vert søknadspliktige på same måte som bygningar m.v. etter § 93 og avhengig av at kommunen gir byggjeløyve. Endringa vil tre i kraft i 1997, og innhaldet i føresegna vil bli kommentert i rundskriv frå Kommunaldepartementet.

4.2 Konsekvensutgreiing (Kap. VII-a)

Etter føresegn av 17. juli 1990 § 2, som er gitt i medhald av pbl § 33-3 andre leden går «åpning, eller utvidelse av uttak av malmer, mineraler, stein, grus, sand og leire eller andre masser med sikte på salg, industriell utnytting m. m. dersom minst 50 dekar samlet overflate blir berørt eller samlet uttak omfatter mer enn 500.000 m3 masse» inn under regelverket om konsekvens-utgreiing. Når eit massetiltak vert utvida slik at masseuttaket totalt sett går ut over grensa for meldeplikt, skal det som hovudregel meldast. Fagdepartementet behandlar og tek stode til desse sakene.

Ein tiltakshavar skal så tidleg som mogleg under førebuinga av tiltaket sende melding til vedkomande fagdepartement, eller til det organ som departementet fastset. Etter Næringsdepartementet si avgjerd er det bergmeistaren når det gjeld mineralske ressursar.

Meldeplikta rettar seg mot tiltakshavarar, og gjeld både fysiske og juridiske personar.

Regelverket vart endra ved lov av 9. mars 1995 og vil tre i kraft i 1997. Endringane vil bli nærare omtala i rundskriv frå Miljøverndepartementet.

4.3 Om miljø, estetikk, vedlikehald og sikringstiltak (§§ 68, 74 nr.2, 89 og 100)

Kap. XII i pbl om Byggetomta, kap. XIII om Bebyggelse, kap. XV om Bestående byggverk og kap. XVII om Ymse bestemmelser inneheld reglar som kan vere viktige i samband med steinbrott og masseuttak.

I § 68 er generelt fastsett at grunn berre kan delast eller takast i bruk til bygging dersom det er tilstrekkeleg sikkert for fare eller vesentleg ulempe i høve til miljø og natur. Denne regelen gjeld også ved masseuttak.

Etter § 74 nr. 2 skal eit kvart arbeid som krev byggjeløyve planleggjast og utførast slik at det etter kommunen si meining tilfredsstiller rimelege omsyn til venleik i seg sjølv og i høve til omgivnadene. I lovendring av 5. mai 1995 som vil tre i kraft i 1997, heiter det i nytt andre punktum:

«Tiltak etter denne lov skal ha en god estetisk utforming i samsvar med tiltakets funksjon og med respekt for naturgitte og bygde omgivelser».

Regelen vil bli nærare omtala i rundskriv frå Kommunaldepartementet i samband med ikraftsettinga.

Etter § 89 skal bygningar og anlegg haldast i slik stand at fare eller vesentleg ulempe ikkje oppstår for person eller eigedom, og at innretninga ikkje verkar skjemmande i seg sjølv eller i høve til omgivnadene. Kommunen kan i samband med dette gi dei pålegg som er nødvendige. I samband med lovendringa i 1995 vart følgjande nytt tredje ledd lagt til:

«Når vesentlege hensyn til helse, miljø, sikkerhet eller tilgjengelighet gjør det nødvendig, kan bestemmelser gitt i eller i medhold av denne lov kreves gjennomført på bestående byggverk m.v. i samsvar med forskrift av departementet».

Kommentar til dette vil kome i rundskriv frå Kommunaldepartementet i samband med ikraftsetninga.

I § 90 er det fastsett ei plikt for eigarar til å sørge for at m.a. skadde bygningar og anlegg ikke fører med seg fare for dei som bur i området eller andre. Etter regelen kan kommunen gi pålegg til eigarar om å sørge for at det vert sett i verk tiltak for å hindre at f.eks. område for masseuttak og steinbrott fører til fare eller ulempe for personar eller verkar skjemmande for omgivnadene.

Etter § 100 skal det m. a. ved graving, sprenging eller fyllingsarbeid på førehand vere gjort nødvendige tiltak for å sikre mot skade på person eller eigedom eller i høve til offentleg trafikk. Vidare er det eit krav at maskiner, stillas og utstyr skal vere forsvarleg vedlikehaldne, og at drifta skal vere ordna slik at det ikkje oppstår fare for liv og helse. Kommunen kan i samband med dette gi nødvendige pålegg.

Ei anna viktig føresegn i samband med masseuttak er § 101 som gir kommunen høve til å påby nødvendige tiltak for å hindre vasstilsig frå nabogrunn.

4.4 Transportable pukkverk

Transportable pukkverk har vorte eit stadig meir utbreidd og aktuelt driftsmiddel i entreprenørbransjen. Dei kan vere svært avanserte ved at dei ikkje berre knuser stein, men også sorterar materialet i forskjellige kornstorleikar. Masse i samband med fjellsprengingsarbeid (tunnelar/vegskjeringar) kan f.eks. verte knusa til bruk og vidaresalg på staden. Det dreier seg i tilfelle om innretningar som går inn under pbl § 85 om mellombels eller transportable konstruksjonar eller anlegg.

Reglane om mellombels og transportable konstruksjonar eller anlegg m.v. seier for det første at dei ikkje må plasserast på ein måte som hindrar allmenn ferdsle eller friluftsliv eller elles fører til vesentlege ulemper for omgivnadene.

Vidare skal plassering av mellombels innretningar på førehand meldast til kommunen. Mellombels og transportable innretningar kan heller ikkje plasserast for lengre tidsrom enn 3 månader utan kommunen sitt samtykke.

Endeleg kan kommunen ved vedtekt fastsetje at slike anlegg og innretningar ikkje kan plasserast i bestemte delar av kommunen, eller at dei berre kan plasserast på nærare fastsette vilkår. Det er gjort unntak for plassering på byggje- eller anleggstomt, men det gjeld berre innretningar som vert bruka i tilknyting til anna verksemd, og ikkje der transportable pukkverk vert etablert som eiga verksemd.

5 Tilhøvet til anna regelverk

Masseuttak og steinbrott vil og koma inn under føresegner i forskjellige sektorlover. Det gjeld

jordbrukslovgivinga om vern av jord og skogbruk,
konsesjonslova av 1974 om salg og bortfeste av eigedom,
kommunehelselova om miljøretta helsevern, m.a. i høve til støy og med heimel for kommunen til å påleggje å rette tilhøve som har negative verknader,
vegtrafikklova og veglova om m.a. forstyrrande kjøring, kanalisering av trafikk og vegstandardar.
vassdragslova om løyve til inngrep i vassdrag, m.a. uttak av masse
Tre lovverk, om forureining, bergverk og kulturminne er spesielt viktige i høve til verksemd knytta til mineralske lausmassar, og vil verte nærare omtala nedanfor.

5.1 Forureining

Uttak av mineralske lausmassar vil ofte føre til forureining av jord, vatn og luft med utslepp i grunnen og med støv og støy. Det kan vere verknader av sjølve verksemda, men det kan og vere årsaka av f.eks. auka trafikk til og frå området. Hovudregelen er at uttak som kan føre til forureining slik dette er definert i forureiningslova (F) § 6, må ha konsesjon etter F§11. Dersom den aktuelle forureining ikkje fører med seg nemnande skade eller ulempe er konsesjon etter F § 11 likevel ikkje nødvendig, jf. F § 8 tredje leden. Vi får dermed to grupper av tilfelle: tiltak som treng konsesjon og tiltak som ikkje treng.

Spørsmålet om konsesjon eller ikkje vert å avgjere etter eit fritt skjøn. Det gjeld visse retningsliner for skjønet etter F §§ 2 og 11 fjerde leden. Hovudvekta må leggjast på forureiningsomsyn. Ein høgsterettsdom frå 1993 gjer det klårt at også andre miljøomsyn kan vere avgjerande, f.eks. ulempe frå tungtrafikk til og frå masseuttaket og naturvernomsyn. Forureiningsstyresmakta kan setje vilkår i konsesjonen.

Forureiningsspørsmål skal så langt råd er løysast for
større område under eitt, og i medhald av plan, jf F § 11 tredje leden.

Vidare skal forureiningsstyremakta samordne verksemda med planstyremakta for å unngå forureining, jf. § 2 nr. 2. Dette er særleg viktig når tiltaket ikkje treng konsesjon, men også elles. Pbl § 26 gir heimel for reguleringsføresegner om miljøomsyn, jf nr. 3.1.3. ovanfor. Vert eit område regulert til steinbrott, kan det m.a. fastsetjast føresegner om skjerming og driftstid av omsyn til naboar og det kan og setjast andre vilkår av omsyn til natur og miljø når det ikkje vil vanskeleggjere ei forsvarleg utnytting av området til det fastsette reguleringsføremålet. Statlege organ kan fremje motsegn mot kommunale planvedtak og kan på denne måten handheve overordna retningsliner i forureiningspolitikken.

5.2 Bergverk

Bergverkslova av 30. juni 1972 omfattar dei mutbare minerala, og ein del andre mineralske ressursar går inn under eige regelverk. Uttak av mineralske lausmassar og knusing av blokk og fjell er i dag ikkje lovregulert etter dette systemet.

I ei rekkje år har det likevel i samband med konsesjon på område for uttaksverksemd vorte stilt vilkår om driftsplan godkjent av bergmeistaren. Landbruksdepartementet har i samband med behandling av saker etter konsesjonslova av 1974 sendt søknad om salg/bortfeste av eigedom for uttak av mineralske lausmassar til bergvesenet til fråsegn. Det er etablert praksis at det etter framlegg frå bergvesenet som vilkår for konsesjon vert sett krav om driftsplan godkjent av bergmeistaren. Driftsplanen omhandlar særleg bergfaglege tilhøve, men miljøtilhøve vert også tekne med. Ein stor del masseuttak og steinbrott er likevel ikkje avhengige av konsesjon, m.a. uttak i regi av kommune og stat, f.eks. av Statens vegvesen, og heller ikkje uttak som vert drivne av eigaren.

Bergvesenet er høyringsinstans når det gjeld alle mineralske ressursar i arealdel til kommuneplan og reguleringsplan, også dei mineralske lausmassane, og er det statlege fagorgan som etter pbl § 9-3 har plikt til å medverke i kommunal planlegging, med rett til å fremje motsegn. Bergvesenet har sagt seg viljug til å medverke i planarbeid som vedkjem masseuttak og bergverksverksemd, jf brev av 13. mars 1991 til kommunar og fylkeskommunar.

5.3 Kulturminne og kulturmiljø

Lov om kulturminne av 9. juni 1978 (kml) har som føremål å verne kulturminne og kulturmiljø for å sikre nasjonale verdiar, enten det er freda ved vedtak eller automatisk freda. Faste kulturminne frå før 1537 er automatisk freda, jf kml. § 4. Det er forbode «...å skade, ødelegge, grave ut, flytte, forandre, tildekke, skjule eller på annen måte utilbørlig skjemme automatisk fredet kulturminne, eller fremkalle fare for at dette kan skje...», utan at det er gitt dispensasjon, jf kml. § 8, jf kml. § 3. Etter § 8 fjerde leden skal det likevel ikkje søkjast om dispensasjon for tiltak som er i samsvar med regulerings- eller utbyggingsplan vedteken etter at kulturminnelova tok til å gjelde. Det er difor viktig at tilhøvet til kulturminnelova blir klårlagt i plansaka.

Alle regulerings- og utbyggingsplanar skal sendast vedkomande fylkeskommune/Samisk kulturminneråd. Finn dei at planen ber i seg ein konflikt i høve til automatisk freda kulturminne, vert saka send til dispensasjonsstyremakta til vurdering. Dispensasjon gis normalt på vilkår om arkeologisk undersøking betalt av tiltakshavar, jf kml. § 10. Slikt vilkår må takast inn i reguleringsføresegnene.